søndag 3. mars 2019

Venninnehelg/syhelg del 1



 Sist helg (siste helga i februar) hadde eg besøk av ei venninne heile helga. Gubben og guttene var på fotballtur til England. Tenk ei heil helg  til sying, shoppingtur, strikking...... kan det bli bedre. Me hadde starta på eit felles prosjekt i fjor på desse tider.

se her frå oppstarten av teppe og venninnehelga i fjor:)



Mål ein i år var få sydd saman toppen på dette teppet og det vart seine kveldar både fredag og lørdag.....men me kom i mål.



Tid til litt turgåing vart det og. Søndag var sola framme og det benytta me oss godt av. Tur på Borestranda og kaffi i sola på terrassen.



Fekk besøk på terrassen av svigerdatter og barnebarn på bollar. Takk Ingri!


Her er kantane komne på


Begge sine tepper var ferdige.


Her legg vi bakstykke og vatt på mitt teppe som no er klar til quilting. Eg er ikkje heilt sikker ennå korleis eg skal gripe det an ...ligger til modning eller/og i tenkeboksen.

Kjekt med besøk 
Klem
Lilla dør

søndag 17. februar 2019

Fleire snømen....heile 8 stykk til.


 Eg har i det siste hatt fleire snømannskurs og så har blitt ein del påbegynte prosjekt.  Men no i dag har eg rydda heilt opp i dei ufone. Sydd ferdig!!!! Har bestilling på nokre og resten kjem eg sette ut for salg etterkvart. Nett no står dei på kommoden i gangen.  Her er snømenn i alle fasongar og personligheter.


 Litt frostige



 Kanskje blir det fleire snømannkurs neste vinter, så eg har gøymt nokre til modeller.  Resten er klar for nye heimar.  Enten for salg eller som gåver!




 Har strikka skjerf og vottar til nokre av dei.



 Ullstoff, lin og fløyel har eg brukt til å sy desse snømannen av.


 Alltid jillt å sy og lage snømenn. Eg veit ikkje heilt kva det er som gjer det:))) 


Ha ei fin veke

Klem
Lilla dør

fredag 15. februar 2019

Klubbkveld igjen



I går kveld var dokkeklubben samla igjen....alltid like kjekt. Denne kvelden skulle me sy kvar vår snømann som er designa av Jaime Jerome. På bildet her er Linda sin.


Her er eg igang med min



All fekk lage kvar sin, min er den uten knappar....... knappar og knappar - dei er laga av hel pepper så det seie vel litt om størrelsen på snømennene. 



Kjekt å reise heim med ferdig snømann og ingen ufo.


Tusen takk for kjekk kveld, gler meg til neste klubbkveld...lurer på kva vi då skal lage.

Klem
Lilla dør

tirsdag 12. februar 2019

Fleire vottar og luer til snømennene mine


 Stadig nye snømenn ser dagens lys. Har fått strikka nokre votter og luer til å ha på dei.






 Fleire snømenn venter på sin personlighet og påkledning.


Sydd i breitt cordfløyelstoff


Klem
Lilla dør som digger snømenn

søndag 10. februar 2019

Bok nr 10


 No til helga fekk eg bloggbok nr10. Eg får trykt blogginnlegga i bokform kvart år. Jillt å ha :) og kjekt å sjå tilbake på dei kreative utspela mine. Det nærmar seg ti år sidan eg byrja å blogge. 


 Kjem bare ut i eit enkelt eksemplar :)


 Kaninene mine pryder framsida 


 Elg genseren til gubben på baksida


På syrommet står alle bloggbøkene mine saman med nokre flotte stoff som står til modning....


 I dag har eg funne fram igjen vasen med strikka linbelte. Eg har strikka det på strikkemaskina mi for ei tid tilbake. Vasen passar perfekt til tulipan blomane eg fekk til helga av gubben.

Ha ei fin veke
Klem
Lilla dør

torsdag 7. februar 2019

Loppisgenseren


Loppisgenseren er klar etter bare to-tre veker. Ikkje verst for meg som har så mange prosjekt på gang. Veldig kjekk å strikke ........kan anbefalast. Mønstrer og inspirasjon frå Pickles. Eg har brukt garn frå garnlageret.  Måtte bare kjøpe eit nøste (50gram). Det fleste garnnøstene er frå New York der eg var for 6 år sidan. Kjøpt på The Barn Company. Garnet heiter Zara plus merinowool superwash.


 Strikka på pinner 5,5. Følgte heilt mønsteret. Gg synest det var kjekt å kunne bruke garn frå lageret når til og med strikkefastheten stemte :))


 Ikkje mykje garn igjen etterpå ...


 Masse masse masse garnender å feste, veldig kjedelig arbeid.


Strikka til ei av mine håpefulle. Kjekt når det fell i smak. Her er den  tatt i bruk.

Eg trur den blir varm og goé i bruk.


 Brukte åtte ulike farger trur eg :). Totalt brukte eg 480 gr garn på genseren



Klem
 lilla dør

torsdag 31. januar 2019

Iglo teppe


Teppe er sydd av eit stoffstykke eg kjøpte hjå Stoff og Stil.....lang tid tilbake :)) Har visst lege på modning sjølv om planen heile tida har vore å sy eit slumreteppe/leiketeppe. Eg trur eg gav kr 25,- for stoffet/rapporten. 


 Litt stort å quilte på syrommet så eg inntok kjøkkenbordet nokre timar.


 Å legge til kanten for hånd var ein fin kveldsaktivitet medan det brann godt i ovnen.....


 Måtte ut i snøen for å ta nokre bilde.


 Teppet er 165 cm i diameter. Heile teppet er sydd frå stofflageret mitt. Kjekt når det minkar litt.
Har som mål å minke både stofflageret og garnlager i år.... så får vi sjå kor det går. Iallfall ein goe start i 2019.