Viser innlegg med etiketten julegenser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten julegenser. Vis alle innlegg

torsdag 7. desember 2023

Julegenser x 2


Nisse genser /Merry Santas dropsdesign. Eg strikka dei i alpakka bris. Strikka to i størrelse 5/6 til guttane på 3 år. Tenkte det var ok at dei var litt store. Guttane fekk slik for to år sidan og. dei hadde dei i to juler. No har søskena deira arva dei. Klart desse måtte få nye. Har vore veldig populære hjå guttane. Dei er veldig lette og mjuke.




Strikkast ovenfra pog ned.... kjekt strikk
 




 



 



 Klem 
Bestemor

 

mandag 22. november 2021

Julegensarar til barnebarn


 


 Har strikka to små nissegensarar til dei to meste barnbarna mine. Dei er strikka i størrelse 1 og 2 år. Drops design sitt julemønster i år. Eg har strikka dei i Alpakka  Bris Viking garn.  Etter oppskrifta var det Drops air som skulle ha vore brukt. Er i grunnen godt fornøyd me garnvalget. Mønsteret ligge ute som gratis mønster hjå Drops design.


Dei er strikka ovenfra og ned på pinna nummer 4 og 5. Det gjekk med ca 100 gram grått garn til den minste størrelsen.


Likte godt den grå melerte fargen 313






Dei vart veldig mjuke og gode. Gler meg til å se prinsane i dei no i desember. 





 Klem
Bestemor/lilla dør