Viser innlegg med etiketten Strikkekveld i Florø hausten 2011. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikkekveld i Florø hausten 2011. Vis alle innlegg

søndag 4. desember 2011

Bok om dominostrikk


 Ei kjekk bok om ulike  måter å strikke domino på. Her blir vi inspiret av både farger og ulike måter å strikke på. Den er på engelsk. Eg kjøpte den på Amazon.com. 





mandag 21. november 2011

Bordskånarar



 Har strikka nokre brikker til ha under kaffikoppen i lingarn.

 Eg strikka dei i på pinner nr 3 med dominostrikkteknikk ved at eg la opp 41 masker.
* Strikka fyrste omgang rett. 
*Andre omgang 19 masker rett tok så ei maske laust av strikka to isaman tok deretter den lause maska over dei to, Strikka deretter 19 rett. 
*Tredje omgang som fyrste omgang 
*Fjerde omgang som andre omgang men stikka 18 masker før felling. 
*Gjennta desse to omgangane til  du har felt av alle maskene. 

søndag 20. november 2011

Blomster i sanden


Strikka nokre blomster eg har tenkt å ha på ein hals eg har strikka i alpakka.Halsen kjem etterkvart på bloggen. Men eg synest det var kjempe flott kombi dette å legge strikka blomane i sanden. Eit artig uttrykk. Eg kjem nok til å bruke dette motivet etterkvart. Både til inspirasjon og få det over på stoff.



Spennande strikk på gang. Denne gongen ei barnejakke. Har 100gr. Håper det er nok. 


Jakka er i vendestrikk - Det vil seia at eg strikkar alt i eit stykke. Byrja med framstykket så armane deretter ryggen, neste arm og tilslutt siste framstykke.

tirsdag 8. november 2011

Dominostrikk


Her er eg i gang med eit teppe som vart pute til slutt. Fargane er inspiret av jærstrendene. Teknikk dominostrikk der me strikkar rute for rute.















"Vendestrikk"


 Desse sitteunderlaga er strikka i vendestrikk, eller forkortede rekker. Desse strikka eg i vår!
Dei er strikka i ulike gulfargar. Kjempeartige å strikke. Vart nesten hekta,  ei remse til og så ei til...



 Desse lilla er strikket likt som dei gule over men desse er stikket av mamma. Desse får meg til å tenke på fiolblomsten. 

mandag 17. oktober 2011

Dominostrikk













No er eg ferdig med puta i doministrikk.  Kjekt "sofastrikk" når du skal slappe av og vere sosial samtidig.  Har strikka den i Rowan fine tweed 25 gr. nøste i 100% ull. Det gjekk med ca 175 gram totalt.  Det var  godt å strikke med og kan anbefalast på det varmaste.  Garnet har eg kjøpt hjå Anny på Idestova på Bryne.
















Bakstykket har eg strikka rett strikk i striper mens framstykket er i dominostrikk.




Eg tar nok denne puta me meg på strikkekvelden i Florø i november. Kanskje nokon har lyst strikke ei slik eller noko liknande. Sette sine farger på. Kva med vinterfarger? Nostalgiske farger? 











Eg er nok veldig inspirert av haustfargane. Som dokke ser glir puta rett inn der:)








Ha ein fin haustkveld. Nyt den. Haustenkveldane  er flotte med masse lune farger og stearinlys.
Klem lilladør

tirsdag 4. oktober 2011

Dominostrikk igjen


 Falt for eit Rowangarn her om dagen. Putta garnet og etterkvart strikket i ei glass krukke. Sjå den flotte "blomsten" eg fekk på bordet.


Her er eg igang. Har planar om ei pute....... og vil ha den med til Florø på strikkekvelden der  24. november.


 Sjå det flotte garnet og fargane.  Garnet er Rowan fine tweed.  Anny ( Idestova ) selger det i nøster på 25gr.  Eg strikkar det på pinna nummer 3.5.




Ikkje i arbeid så fungerer det utmerka som pynt på haustbordet mitt.
Ha fine og kreative haustkvelder. 

Nyt  haustfargane !!!!!!!