Viser innlegg med etiketten vår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vår. Vis alle innlegg

onsdag 4. februar 2026

Saue på gang


Eg såg bilde av desse på nettet, litt usikker på kor. Eg vart iallfall inspirert til å sy dei. Tenkte eg måtte finne meg eit vårlig stoff i tillegg til teddy stoffet. Lett og jille å sy.



Del for del, ferdig stappa med vatt. Bare til å sy dei i hop.




Måtte ut og lufte dei, men dei passar best inne i vindaugskarmen :))


 Såg nesten litt frostig ut. Det er bare i starten av februar ennå,  men våren nærmar seg. og det at lam kjem ut er eit godt vårtegn.

Klem
Lilla dør

lørdag 1. februar 2025

Rustikk kanin til å ha ute.....


Sydde meg to slike kaniner etter inspirasjon fra Facebook, trur eg det var. Eg klypte mitt eige mønster og sydde den i grovt lerret. Etter eg hadde sydd og stappa den, malte eg den med utvanna brun hobbymaling  ( håper den tåler litt vatn). Det var ein ny tanke som kom no.... prøver iallfall å ha dei ute inn i mellom blomsterpottene mine når det vårast.
.

Dei vart nesten pæreforma :)




 Klem
Lilla dør

torsdag 1. februar 2024

Ny kanin på vei




Sydd meg ei kanin, etter inspirasjon fra Instagram. Eg tegna mønster sjølv slik at det vart min versjon.
Kanskje det blir fleire med litt forbedring av mønsteret. Kaninen har litt slikt "primitivt" uttrykk. Sydde den av eit bomullsstoff som eg tidlegare hadde hatt til plantetrykk/farging. Passa perfekt. 





 


Broderte auge, nase,munn og tær . Brukte den gammalrosa silketråden.


Klar for håndsøm og broderi


Klar for nye eventyr....



 Klem
Lilla dør

tirsdag 16. mars 2021

Litt påske/vår inspirasjon


Kjøpte meg eit halvfabrikat til krans og har pynta den med greiner og egg.... har planer om å ta den med til hytta i påska, men no pryder den kjøkkenveggen. Er ganske stor ca 60 -70 cm i diameter.
.

 


På søndag var eg ut fann nokre fine gåsunger. Var heldig og fann nokre lange fine kvister. Måtte finne fram desse luftig og lette kyllingane eg strikka for ei tid tilbake i garnet air. Mønster og ide er Drops sitt.


Ha ei fin kreativ veke..... tenk våren er her!


Klem
Lilla dør

lørdag 20. februar 2021

Sjå, vårblomstrane er på plass i butikken, kjøkkenvidauget mitt og i beda på tunet


Lørdagssnopet mitt 





Kjøpt ein pakke med stedmor til kr 29.90 og fordelte det i ti potter i kjøkkenvidauget.





Litt på trappa i ein kasse. Det føles godt at det snart er mars og våren kjem for fullt i år og .... I år har me hatt kald vinter og då gjere det ekstra godt......



Perleblomst og snøklokker


 Stemorsblomsten er bare nydelig...se


Klem
Lilla dør

fredag 13. mars 2020

Kranser


 Sjå denne flott kransen eg fekk hjå mine barn.svigerbarn og barnbarn . No gler eg meg til å få henge den opp på mitt snart ferdig opppussa kjøkken.....  Knallfine krans!!!
 Heldigvis er den laga av blomster, busker som egner seg fint til tørking :) 



 Denne kjøpte eg hjå mestergrønn no til helga. Laga av friske gåsunge.... vårleg og fint. Det gode med denne er jo at den tørka og kan vare lenge.  Litt usikker om den blir i gangen eller eg skal ha derpå trappa. Ja takk begge deler :) me andre ord me få se.


 Gåsungane er surra rundt ein halmkrans..... 
Kjekt med vår og ein kjenne ein har lyst til starte med hagen snart. Kanskje tid for å ta avlegger etc på pelagoninane ??? Plutselig:)))


Ha ei fin og kreativ veke..... 

Klem
Lilla dør

lørdag 13. april 2019

Gule voksdukposer


 Eg har sydd meg/oss nokre gule voksdukposar til å ha ting og tang i i påska. Til å ha strikk i mellom anna praktisk og greit når påske skal tilbringast ved sjøen og strikket må jo være med.


 Eit av strikka er påskevottar. 



 Gler meg til ta i bruk mine turkopp. Kaffi og strikk passer jo godt saman......Håper på litt fjelltur og.
Her er ein lilla og ein rødt glidelås....så vi skil posane frå kvarandre.


 Stoffet/voksduken er kjøpt på Stoff og Stil på restebordet til nesten ingen ting....... fekk fem stykk av meteren eg kjøpte.




Klem
Lilla dør

mandag 8. april 2019

Søndagstur og litt terraseliv....samle energi :)





 Flott spasertur i Njåskogen i den fine og varme vårlufta... herlig å kjenne varmen og gleden av at det vårast.




 Midtgardsormen


 Stilige benker dei hadde laga langs løypa




 Ruteliljer på terrassen med nytt strikk på pinnane er heilt ok :)))



 Liljekonvall er ein av dei fine no på våren /forsommeren.......


Forglemmegei og påskeliljer gir fin farge kombi


Bare ei veke igjen til påske...fantastisk sein påske så i år blir det ikkje bare gult på terrassen men litt vårblomster og......kan like det.

Klem
Lilla dør