Viser innlegg med etiketten påskepynt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten påskepynt. Vis alle innlegg

torsdag 3. april 2025

Egg av bjørkegreiner


Egg av bjørkegreiner
 

Klippa greinene opp i 2 til 3 cm bitar. Fordel at greinen er tørre. blanda det med trelim og hadde det opp i eggeformer (påskeegg i papp) som var dekka med plastfilm. Laga to halve egg og så limte eg dei saman.




Kjekt å prøve.......
fine inn som bordpynt til påske og ute på hagebordet.

 



 

 Klem
Lilla dør

mandag 1. april 2024

Påskeliljer med noko att :)



 Kjøpte meg nokre  metall føtter til påskeliljene. Fyrst vaska eg løken godt også stakk eg metalbeina i løken, vart dei artig variant til påskepynten. Eg har sett ideen, den er ikke min :)))



Brukte både påskeliljer og tulipaner, her fra kjøkkenet mitt heime 




Klem
Lilla dør

fredag 15. mars 2024

Strikka kyllinger på pinnar



Eg såg ideen på "nettet", me ser litt der og litt der. Eg laga min versjon. Strikka fyrst eit egg fylte det med ull. Monterte det på trekloss med pinnar til bein. 



Litt flakkande i blikket men klar for påskefeiring 


💜💜


Ensom og venter på fleire av samme sort, kjem etter kvart


Sko/lubbar måtte dei jo ha

torsdag 14. april 2022

Kjæsjlanda påskehare


Noen ideer er sprøere enn andre... her sydde eg fyrst ein hare etter mønster eg har brukt og designa før men no utan hode  :))
Hadde laga bjørkekransen fyrst . stasa den til med gåsunger og egg. Artig å lage ......kjekt  og enkelt med limpistol


Den henger på verdasjillaste hytte .....kanskje blir det ein heilårs krans ellers må eg putte den i ein kasse til neste påske.


Klem
Lilla dør

 

søndag 28. mars 2021

Strikka egg ved inngangspartiet på hytta i påska :)



Eg hadde kjøpt med meg nokre strikka egg i fra jobb. Dei monterte eg lin tråd på for å kunne henge dei opp. Ellers er dei fine bare til ha i ei skål.
 

Me fann ei bjørkekvist som eg stakk ned i potte med mose for ha som pynt no i påskehelga er på verdasjillaste hytte.



God påske

Klem Lilla dør
 

onsdag 17. april 2019

"Gule trekkfuglar "


Fin landingsplass hjå oss på verdasjillastehytte Skoane. 


 Eg og ein av dei håpefulle hadde eit mini påskeverksted her ein morgon. Eg hadde fått ide og modell av ein kollega. Utstyr ein treng er bare pipperensarar og fjær :)))




 Fantastisk fin effekt i vinden. Iår har me verkeleg hatt fint ver der vi har fått vore mykje ute......det likar me :)



Fortsatt god påske.

Klem
Lilla dør

mandag 26. mars 2018

Små kyllingar


Dei go`e små gule påske kyllingane me huska godt frå barndommen. Var i grunnen litt vanskelig å få tak i dei no. Men med god hjelp klarte eg det. Dei hadde dei både i Haugesund og Florø.



 Har surra dei tett i tett på ei gamal epletregrein.



 Tett i tett


 God påske



Dette liker eg kaffi, stille sjø i fjæra ved hytta i godt lag....då er det påske og ferie........ 
Klem
Lilla dør