Viser innlegg med etiketten borddekning. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten borddekning. Vis alle innlegg

tirsdag 4. juni 2024

Tøy servietter


Besøk i drivhuset ein kveld.... trong nokre farge rike servietter. Det var då kom på at eg kunne sy dei av Kaffe Fasset stoffer (å minke på stofflageret er aldri feil) 
)


 


Vart fire stykk den kvelden, men det blir nok litt fleire etter kvart. Må avsløre at den kvelden bareklippa/reiv eg serviettene og så vaska eg sydde dei neste dag. Gjekk fint det og:))
 


 Klem
Lilla dør

torsdag 16. juni 2022

Sommarfest på terassen juni 2022


Andre helga i juni hadde me sommerfest her. Firmaet til gubben skulle ha sommerfest. Fram med teltet vårt og bord.  det kjekkaste er vel pyntinga. fekk god hjelp av Gjertrud.
.

I taket hadde me roselenker fra Ikea. Kven skulle tro eg skulle kjøpe kunstige blomster ( iallfall ikkje meg sjølv) men det vart veldig bra. Og kunstige blomar er ikke det det ein gang var trur eg......
I tillegg hadde me vimplane som Gjertrud sydde til sitt brudlaup (ho driv og leige dei ut vist nokon treng vimplar) også lyslenker.



Mykje blomar fra hagen, pionane var kjøpte. kjekt når ein kan bruke det ein har.


 Klem
Lilla dør

tirsdag 1. mars 2022

Korona kyllinger :))


Eg hadde tidligere sett nokre mugruger på Instagram alla desse i gule og kvite stoff.... Fekk lyst å sy meg nokre mugruger no til våren/påska. Eg tegna mønstet sjølv, fann ut at eg ville ha dei litt fargerike. Treng noko fargar no i desse koronatider og krig i Europa. ( nesten nifst bare å skrive ordet krig)



Måtte jo teste dei ut med litt lørdagssnop og kaffi:)



Eg likte i grunn denne pjuskete Kaffe Fasett  stoff høna best :)
Eg applikerte på auge og nebb ellers vart det ikkje så mykje quilting.



Ein frisk og ville gjeng :)))


 Baksida ....er og ei side.


Klem
Lilla dør

søndag 23. juni 2019

Lin servietter til brudlaup


Gleder meg stort at me har hatt brudlaup igjen..... tradisjonen tru må det bli linservietter. Kjekke å sy og kjekt å ha. Kan brukast igjen i barnedåp, selskap, jul etc. Eg har ofte sett dei i bruk, det er jillt og gjere det ekstra jillt sy til neste par ut. Eg sydde 100 til sommarens brudlaup, då eldste dattera mi gifta seg 


Kjøpte linen på Stoff og Stil....10 meter 


Sydde dei på overlocken med ei nål slik at eg fekk ein smal søm rundt servietten



Klar til stryking og bretting



Tilslutt knytta me på bordkorta..... alle mann i sving


 Vart fine og lekre





Takk for syoppdraget!!!

Klem
Lilla dør

lørdag 31. mars 2018

Gipsegg


Eg laga meg nokre gipsegg. Hadde i grunnen planer om fleire men tida før påske bare forsvant.... men ikkje så verst med to då. No er dei komne på hytta og bidrar til påskestemning i et
eitt av stovevindaugene.


Kjekke å lage ...bare mykje søl og oppvask etterpå, fordel å lage det du skal med ein gong når du fyrst er i gang.


 Fint reir dette :)


 Perleblomst med fjær



Borddekorasjon på kjøkkenflisa mi. Man tar det man har og så blir det ikkje så verst til slutt




Forsatt goé påske frå #verdasjillastehytta.

Klem
Lilla dør

mandag 29. mai 2017

Makrameoppheng


 Dette opphenget laga eg for ca 40 år sidan..... nesten skremmande. Har skifta stove no. Men opphenget er like fint og moderne igjen. I grunnen fantastisk!!!!







Det passa perfekt inn her. Må bare få noko grønt i blomsterpotta.


Må bare vise dei fine blomane eg fekk her om dagen. Ei venninne av meg hadde dei i hagen....
Tulipanar er i grunnen fine blomar. Sjå fargespelet i dei.


Måtte ta dei ut på kaffibordet på hytta i helga. Det vart eit fargerik bord, saman med den oransje retroduken. Som sikker er frå 70 tallet den og.... Kjekt med gjenbruk.


Klem
Lilla dør

mandag 27. mars 2017

Gjenbruk kupp igjen :)


Kupp igjen 


 Denne store skåla på ca 25 cm  er frå Stavanger Flint




Desse desserskålene er Figgjos Flint.

 Barndomsminner, trur det må være hjå mormor eg huska dei frå. Gubben hadde slike i sin heim og. Hjå han var det den med druer på som var favoritten. Gode minner og eit gjennbrukskupp :)))



 Sjølvsagt måtte dei innviast med sviskekompott


 Fann og ein gammal brodert løper på grov bomull... kan ha vore ein gamal mjølsekk. Fin var den, litt grovt preg men med eit  fint broderi. Kan bli ein koselig løper på sommarbordet.

Artig med Gjenbruken bare du er på rett plass til rett tid.


Litt krøllete her men blir knallfin når eg fått vaska og strøke den..... 

klem
Lilla dør

mandag 1. august 2016

Seilas på bordet


I fjæra fin ein mykje jillt..... inspirasjon til leik.  Det vart nokre seilbåter ut av det.
 Pynt på sommarbordet på hytta.:)





Blåskjellbåt med fullt segl 



Her har eg brukt linstoff til segl







Sommarhelsing 
Lilla dør