Tanta mi på 95 år er ein ivrig strikkar som eg har skrive om tidligare. Vi var innom der i jula. Jammen hadde ho to par gode strikkalubbar til junioren og meg. Ho har laga mønster og fargesamansetning sjølv....eg har ein draum å samle alle mønstra hennar .......kanskje ein gong.
Sokkane er doble pga at det er så så masse mønster strikk. Perfekt hytte- og hybelsokkar/tøflar. Tusen takk tante. Kjekt du har glede av å strikke ennå.
Svigermor hadde strikka desse gode sokkane til meg..... Perfekt til ha i joggeskoa eller støvlane.
Mi svigermor nærmar seg 87 år og er ein kløppar på strikkepinne. Mange å strikke til både store og små.... både barn, svigerbarn, barnebarn og oldebarn.
Klem
Lilla dør