Viser innlegg med etiketten kreative gleder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kreative gleder. Vis alle innlegg

onsdag 19. november 2025

Grønne kransar


Eg synest det er kjempe jillt å sitte ute og lage kranser. Gjerne med bålpanna ved sida av, rydde etter kvart. Eg lagar ofte på hytta, det er mykje grønt rundt meg der i hyttehagen. Det å lage krans har blitt jillare og jillare, bare se på tidlegare blogginnlegg no i år.
 




Små og store, smale og tjukke.  Sjølv om eg lagar/bind dei på hytta, pynter eg dei enkelt når eg kjem heim, gjerne med litt rust.

 


 





Dørkransen på  hytta med enkel rusta fugl. Einerkransar er fantastisk fine. Litt stikkete og lage.





Einer


Grankrans, stor 
 




Ha ei god adventstid


klem
lilla dør

onsdag 1. oktober 2025

Hortensia krans


Hortensia må vel seiast å vere favorittblomsten min. Sjå dei fargane. Har heldigvis ein del av dei i hagen. Eg plukka inn ein del og tørka dei. fekk laga meg kransen.
 




Se dei fine fargenyansene. Håper den vil holde seg. Det tror eg. Tenkte å henge den i gangen.


 Klem
Lilla dør

lørdag 31. desember 2022

Godt nytt år!!! med glimt fra romjula



Juletre teppet sydde eg som kursmodell for ei tid tilbake. Men tillatt med ting ein kan ta fram år etter år. Det passa godt saman med togbanen :)) Vart gjerne litt mykje lyd men jillt for barnebarn og bestemorshjerte

Etter fine juledager på Jæren reiste me nordover til verdasjillaste hytte  :)



Rusta hagepynt årets nyhet hjå oss. Pynta fint opp ute på terassen.....



Late og gode dager på hytta gir masse rom for strikk, drøs og bålpanne, besøk og sjokolade med krem.



Årets romjuls hit. Varmsjokolade med marshmellow.



Jillt med kaffidrøs rundt kjøkkenbordet hjå mamma.  Her med pakkelevering fra oldebarn fra Jæren




 Godt Nytt År!!!!
Takk for  2022 , håper på endå fleire kreative stunder neste år.
gleder meg til det....... mange ider og drømmer 


Klem
Lilla dør

tirsdag 15. november 2022

Det vart kransar i år og :)


Hadde nokre dager på hytta i november. Tradisjonen tro laga eg nokre grønne kranser.
 

Fin og godt arbeidsplass for slikt arbeid ,sjølv om det regna godt.





Litt usikker på kor mange men ikke få, delt ut til ungane og ellers fekk eg pynte både døra og terrassen heime. Kjekt med kranser. Ungane fekk pynte sine sjølv.



 


Klem
Lilla dør

torsdag 16. juni 2022

Sommarfest på terassen juni 2022


Andre helga i juni hadde me sommerfest her. Firmaet til gubben skulle ha sommerfest. Fram med teltet vårt og bord.  det kjekkaste er vel pyntinga. fekk god hjelp av Gjertrud.
.

I taket hadde me roselenker fra Ikea. Kven skulle tro eg skulle kjøpe kunstige blomster ( iallfall ikkje meg sjølv) men det vart veldig bra. Og kunstige blomar er ikke det det ein gang var trur eg......
I tillegg hadde me vimplane som Gjertrud sydde til sitt brudlaup (ho driv og leige dei ut vist nokon treng vimplar) også lyslenker.



Mykje blomar fra hagen, pionane var kjøpte. kjekt når ein kan bruke det ein har.


 Klem
Lilla dør

tirsdag 19. april 2022

Meir bjørkekransar



Me rydda kratt og småbusker på hytta i påska i finværet. Mykje uteliv med bålpanne. Fekk laga meg endå fleire kransar og nokre hjerter. Litt krokete vart dei men men. Kjekt å halda på med var det iallefall i finveret. 



Desse vart med til Jæren....finne vel ein plass.


 Dette hjertet vart hengande på vedbua. Vedbua har ikke fått beis ennå...men hjertepynten er på plass.....

Klem
Lilla dør

torsdag 10. mars 2022

"Opptrekksmus"


I farta......

Vintage utgåve av leike mus:). Fann dette mønsteret hjå Efi_little_things. Eg synest dei var både morosame og fine. Sydd meg to av desse i litt ulike størrelser. Hadde litt problem med å finne både gamle nøkler og ikkje minst tre-trådsneller. Men det lykkast etterkvart, endå ei bekreftelse på at ein må samle på det meste:))))
.

Nett no har dei fått heim i uthuset på hytta........




Ser ut som dei trist godt og at det passar godt å bu på høvelbenken der. Ja ja store barn har små gleder....... Eg liker godt å sy ulike figurer. Samtidig gir dei  eit personleg preg på interiøret.... det neste prosjektet mitt er gulerøtter med glimt i auget.


 Desse er sydde i bleika lin. 


Klem
Lilla dør