Viser innlegg med etiketten garnslanking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten garnslanking. Vis alle innlegg

torsdag 31. mars 2022

Blå og grønn garninspirasjon.


Har ein glassvase med mange flott garnnøster i,  blått til grønt via sjøblå til inspirasjon på stovebordet. Lurer kva eg skal strikke av det.... har litt lyst å strikke ein melert genser av desse garna...pluteslig. Kjekt å strikke ned garnlageret litt i allefall.


Har starta ...mange av desse nøstene er og holder på bli omgjorde til strikkeplagg. stor og små varianter.



Desse garna er ene ein fin fargeklatt i stova...digge det og.

fine fargekombinasjoner

Klem
Lilla dør
 

mandag 2. august 2021

Bjørnegenser


Strikka ein bjørnegenser til minste jentebarnebarnet mitt. Strikka av garnlageret, delvis. Har mykje lilla Peer Gynt, her brukte eg det saman med terracottafarga smartgarn.




Strikka i størrelse 4 år ...tenkte den var greia å ha litt stor..... og så vekst dei fort. 
Design og mønster er fra Sandnes Garn hefte 2103 strikka ovenfra og ned. Oppskrift  Helene Skjørestad.
.

Totalt brukte eg 375 gram garn.  Strikka på pinner nummer 3,5


Eg starta på dette prosjekt i vinter men gjorde det ferdig no i ferien slik at eg kunne få gitt den no da ho fylde år i starten av august. Slik blir det når eg har fleire prosjekt på gang på ein gang :))))


 Klem
bestemor/lilla dør

torsdag 31. desember 2020

Julekuler som bordskånere


Har hekla nokre julekuler som eg har tenkt å bruke som bordskånere, Hadde starta på dei tidlegare i haust men dei hadde havna i ufo korga.....men no klarte eg å gjere dei ferdige.


Hekla dei av noko glitter tråd eg hadde liggande.Kjøpt i London i si tid trur eg:) Anchor Artiste metallic 25 gram nøste. Til desse julekulene brukte eg 50 gram av det rød.  Brukte heklenål nr. 2,5


Hengane på hytteveggen, klar til bruk som bordskåner under kaffi koppen eller som bordpynt.



eller som gåver......


 Eg fekk ideen på jobb av ein kollega. Dei var kjekke og hurtige å hekle. Fint restegarnprosjekt. Nok ein fordel med litt stiv hekletråd.








 Dette var siste prosjekt som vart ferdig i 2020....gler meg til nye prosjekt og håndarbeid i 2021. Har allerede masse på gang.....det er vel meg i eit nøtteskall :)))


Klem
Lilla dør

fredag 7. februar 2020

Hekla teppe i Norogarn



Klar til bruk.... sjå dei fantastisk fine fargane 



Silkegarn eg fann i garnlageret mitt...tenkte det kunne passes perfekt til kant rundt teppet...


 Vart mange runder rundt teppet.... det måler 170 x 170 cm ferdig. Hekla etter oldemorsrute-prinsippet, rundt og rundt.


 Silke og ullgarn: det er det eg har brukt for det meste i teppet. Godt eg har fått det på tilbud :)))


 Fantastisk fint garn og i tillegg dei fantastisk fine fargane... eg digger det som ungdommane seier :). I tillegg passa det perfekt inn i stova mi til fargane eg har der. Mellom anna til teppet og putene eg har sydd i Designers Guild stoff.




Men teppet har tatt tid...gjordt mykje innimellom. Kanskje nærmare tre år, slik er det når ein har masse ting på gang :))) eg lærer vist aldri. Men dette er ein del av "2020 gjereferdigprosjektene" mine. Gjere ferdig påbegynte arbeid og tillegg drive med garnslanking. ( prøver iallfall).

Klem
Lilla dør

God helg her er det godstolen og strikk. Heilt ok liv det ein fredagskveld.

søndag 12. januar 2020

Nytt år og nye muligheter :)


 Har mange tankar for året 2020 med tanke på Lilla dør og mine kreative utspring og ikkje minst lyster:). Har ein plan om at eg skal prøve strikke og sy meg "ned". Har så mykje påbegynte prosjekt, sjølv om eg veit at eg fort fell fort for fristelsen til byrja på noko nytt. Må bare........Denne  korga er stor kanskje eg kan tømme ho etterkvart. Kven veit......


 Dette ligge på toppen av korga


 Baggybukse til ein liten gutt født seint i 2019 oppskrifta står i Ministrikk  - den fyrste dansen som kom ut i fjor.







Sorbetcardigan  til meg sjølv. Starta på den i mars 19. Snart ferdig. 


Klem

Lilla dør