No har Lilladør fått lilla kleshengarar:). I gangen utanfor døra inn til arbeidsrommet, heng kjelken min som eg fekk av onkelen min Arve då eg var eitt år gammal. No er kjelken kommet til heder og ære som garderobe hylle. Tenk å komme over desse flotte kleshengarene. akkurat same farge som døra mi :) Dei må nesten vert spesiallaga til den lilla døra........velger å tru det. Så kom på besøk..........velkommen.
lørdag 30. april 2011
Bytur!!!
Var ein tur innom Søstrene Grene i Stavanger, kom over dette bomullsgarnet i desse flotte fargane, kunne ikkje gå forbi.......så garnlageret mitt veks og veks. Treng snart hjelp!!! Har planlagt å hekle meg eit sommerteppe med blomster.
Også måtte eg bare ha denne korga. Den ropte etter meg i ein blomsterbutikk. Den blir nok brukt til garn og ikkje blomster. Den var bare heilt fantastisk flott form på korga. Eit kupp spør du meg.
Mug rugs
No har eg og laga mug rug! Praktisk som tefat, her er er det plass til både koppen og noko attåt. Mine mug rugs er inspirert av kaniner som gøymer seg i kålhaugen:). Har frihåndsquilta dei. Dei måler 5,5 - 8 inch. Har fått lyst til sy fleire, så eg lyt nok lage nokre med litt meir sommar motiv.
onsdag 27. april 2011
Anemone
Er dei ikkje flotte!!!! Har fått kjøpt meg nokre anemoner hjå Hedleshaug på Bru. Den eine pryder hagebordet og den andre har fått plass i staudebedet.
Hønekveld i hagehytta.
I kveld var elve damer samla til kreativ hønekveld som avslutning på påska. Me hekla ulike egg. Tatlet gjekk villig og mange idear vart lufta. Mellom annna fekk me mønster på sticheries som vi skal sy oss hekle/strikke posar av. Kjem tilbake til det etter kvart. Menyen var sjølvsagt egg og eggesalat på rundstykker, forruten sjokoladeegg då.
Her ligger isoporegga klare til å bli hekla rundt og pynta. Her er det bare fantastien som begrensar.
Eg dekorerte eggekartongane med stempel. Fin plass til å oppbevare egga i når dei er ferdig hekla, eller ha som pynt.
Sjokolade egg.......var det høne kveld så var det hønekveld:))) Heile 2,5 kg egg var det her.......me klarte ikkje ete opp alt, så me kan ha fleire kveldar!
Litt høne inspirasjon frå påskekort og serviettar!!
Høne sydd frå boka Vårgleder(Morken/Stenkløv). Den hadde fått plass over bordet og kunne følge godt med:)
Noen hadde pynta seg ekstra for kvelden!
søndag 24. april 2011
Rowan genser
Har strikka genser til ei av jentene mine. Fann oppskrifta i Rowan Magazine Nr 48.
Det var eit kjempeartig mønser å strikke. Mønsteret bestod av to mønster omganger i rapporten. Genseren har raglanarmer, så genseren vart strikka i fire deler og maska saman før halsen vart stikka på tilslutt, den var lang 30 cm. Genseren vart veldig tjukk så den må nok ligge til vinteren før den blir tatt i bruk:)). Eit lite utsnitt av mønster rapporten:
Tilslutt sydd i merke................
torsdag 21. april 2011
Tid for hagen og God Påske!
Det har vore lite tid til sying og strikking dei siste dagane. Det har gått mykje i hagearbeid. Fått "flytta" ut på terrassen igjen og pynta litt i krukker etc. Junioren har fått planter og sådd i drivhuset. Me kan igjen drikke kaffi og ete middag ute ......det er vår og snart sommar!
Perleblomar i sink fat med fjæresteinar rundt. Eg synest det er flott med fargekombinasjonen blått og grått.
Fiol med pil og trollhasse-krans rundt blomsterpotta.
Tomater i drivhuset her har me juksa litt med vore på handel hjå Kåre Wiig :) Cherry tomater. Resten er sådd og kjøpt som små planter...gildt med ein stor tomatplante som me snart kan hausta ifrå.......gler meg. Jordbæra er og på gang. Fått sådd blomkarse og erterblomar!
Igår var det vaffelsteiking på steinbordet i hagen, ein fantastisk dag/ettermiddag! God start på påskeferien. Vaflane blir ekstra gode då :)
Påskeliljer og store primulaer
GOD PÅSKE !!!!
Det er kjekt at du er inne å ser på bloggen min og ekstra gildt når du sette deg opp som følger og legger igjen ein kommetar. Det gir ekstra inspirasjon og glede for meg.....
torsdag 7. april 2011
Lappeteppe
Nytt slumreteppe på gang ...... har til mål å få det ferdig til påske! Reknar med flott dager på terrassen og ved sjøen for å koke egg då. Då kan det vera gildt med eit påsketeppe:)
Inspirasjonskilden er ein serviett eg fekk hjå ei venninne då ho var innom på besøk. Som dokke ser har eg valgt einsfarga stoff, til bakstykke skal eg ha okergult tenkte eg. Litt usikker på om eg vil frihåndsquilte mønster på det elller rute det opp når eg skal quilte det.......... Skal legge det ut på bloggen når eg er ferdig med teppet.
mandag 4. april 2011
Vår på trappa.....
Her har gåsungane byrja å sprette, som sagt det er i ferd med å bli vår på Klepp!
Hekla egg
Flotte sementegg kjøpt hjå Karis Blomster i Florø
søndag 3. april 2011
Nye kjøkken gardiner !!!!!
Har sydd meg nye kjøkken gardiner til våren / påska. Etter inspirasjon etter at eg såg hønene i Florø der gode venninner hadde sydd dei. Mønsteret fann eg i boka Vårgleder ( Miriam Morken/Tone Stenkløv) . Ellers har hekla meg nokre egg rundt nokre isoporegg.
Nokre detalj bilete. Litt fjør rundt foten. Ei høne har fått lilla kam og lilla stålføtter!
Hønene i motlys idag tidleg. Har tre høner hengene i det eine kjøkkkenvindauget mitt.
Resten av kjøkkenet er blitt gult og grønt....... gildt med friske farger. Eg trur fargane gjere noko med oss:)
lørdag 2. april 2011
Påskeharen
Påskeharen er sydd i"teddy"stoff, Munkejakke i ullfleece og blomstrete bukse.
Jamen fann han nokre sjokolade egg , så dagen er sikkert redda !
Sjal
Sjalet er i rillestrikk. Byrja med tre masker og auka i byrjinga av omgangen og etterkvart både i slutten og i byrjinga av omgangen. Det er strikka i Soft Silk. Eg trong 100 gram til dette sjalet. Har hekla tungekant langs trekanten etterpå.
Abonner på:
Innlegg (Atom)