torsdag 31. mars 2022

Blå og grønn garninspirasjon.


Har ein glassvase med mange flott garnnøster i,  blått til grønt via sjøblå til inspirasjon på stovebordet. Lurer kva eg skal strikke av det.... har litt lyst å strikke ein melert genser av desse garna...pluteslig. Kjekt å strikke ned garnlageret litt i allefall.


Har starta ...mange av desse nøstene er og holder på bli omgjorde til strikkeplagg. stor og små varianter.



Desse garna er ene ein fin fargeklatt i stova...digge det og.

fine fargekombinasjoner

Klem
Lilla dør
 

onsdag 30. mars 2022

Ny krans




Hadde hagedag på lørdag. Det vil seie vi fekk mellom anna klipt hekken og andre busker. Klipt ned trollhasselen som hadde vokst opp forbi kjøkkenvidauget. Av desse greien laga eg meg ein grov og stor krans. Har tenkt å ha den hengande ute på husveggen inn mot terrassen, slik  at ein også kan sjå den fra stovevindauget.


Den kunne faktisk stå sjølv pga tjukke greiner på trollhasselen/vrihasselen. Kjært barn har vist mange namn.



Eg kan jo bygge på den etterkvart og evnt putte oppi litt pynt. Alt etter årstida kanskje.


På plass på veggen ute......


Klem
Lilla dør


 

tirsdag 29. mars 2022

Å få hauste frå hagen allerede



Ramsløken er byrja bli klar...
Har planer lage ramsløkolje, til å ha i suppa mellom anna......


Jordskokkane er klare og me har sett i jorda dei som skal lage ny avling til neste år og gule blomster til ettersommeren :))).  Resten blir det jordskokksuppe av pluss pluss


 

Fann ein seljebusk i hagen som eg kunne ta litt gåsunger av...... er så fint no når det nærmar seg påske og våren er her. Kjekt med litt store greiner som eg kan henge litt pynt på


Masse greiner frå hekken. Det var mange slike trillbårer med greiner og anna rask etter vinteren 

Klem 
Lilla dør

søndag 27. mars 2022

Fajanse fra Egersund


Fann desse tallekrkenane på gjenbruken sist helg. Spesiell farge og design. Fine pastellfarge nesten,  går mot turkis med oransje kant.
.




Måtte få fatt i boka Fajanse fra Egersund, var spent om eg fann dei der, eller eg hadde kjøpt katta i sekken. 



Fann dei!!!!


 Eg har 5 asjett av A, og ein av B. Litt usikker om det er ein annan serie. dei er produsert i 1935 til 1940 ifølge boka. Dei er heilt fine i glasuren. Har sikkert vore fin-service og lite brukt:)


Klem
Lilla dør

lørdag 26. mars 2022

Gulrot/kanin :))




 Starta på dette prosjektet i vinterferien. Utgangspunktet og design er efi-little-things. (men eg gjorde det litt på min måte).

i

Her har den fått grønn krage og er på plass på terrassen heime.








Ha ei fin "før" påske med mykje kreativitet og nyt våren.



Klem
Lilla dør

torsdag 24. mars 2022

Novice genseren i Alpakka bris


Strikka novicegenseren i størrelsen 5 -6 år til ei av bestemorgulla. Strikka den i Alpakka bris, farge gul 345. På pinner nr 5,5. Brukte ca 145 gram.


Kjekk å strikke og ein slipper montering:): Er strikka ovenfra og ned


Her er armane ferdig bare sjølve bolen igjen...jille måte å strikke på.




Lett og god:) Kjekt når det fell i smak.



Klem
Lilla dør
 

søndag 20. mars 2022

Egge høne


La opp 40 masker på pinner nummer 5,5 og strikka dobbel lengde av bredden:) . strikka i fridtidsgarn. Det gule er plantefarge garn Bjørk. Totalt brukte eg 75 gram garn.


Lunsj i fjæra i vinterferien for ei god veke sidan.... strikket var med.
dette er eit av fleire vinterferie strikk...... kjekt med slike småstrikk.


Sydd saman og strikka hanekam før eg tova den på 60 grader i vaskemakina




Klar til bruk



 Klem
Lilla dør

lørdag 12. mars 2022

Tante er 97 år...fantastisk alder og sjå noko av det ho held på med....



Desse fine barnesokkane fekk eg her om dagen hjå tante saman med vottane, sjå bilder lenger nede i innlegget. I ein alder av 97 har ho virkelig gleden av strikke og lager sine eigne farge- og mønster kombinasjoner. Eg er imponert...håper eg har arva nokre av desse genene :))).



Tante ville eg skulle ha desse strikka barnsokkane på hytta til "utlån" til barnbarn. I likhet med at vi har ei korg med tjukke sokker til oss vaksne. God ide. Tusen takk tante dei kjem nok til å varme dei håpefulle når dei er på hytta.



Nytt par sokka på pinnsane. Ikkje verst å ta fram strikket etter at ho hadde laga vaflar og hatt 97 års dag.


På rekke og rad.




 

Kjekt å få være med å feire deg......

Klem
Lilla dør