søndag 29. august 2021

Ny sofa i heimen


Ein sofa med Designers Guild-stoff har lenge vore på ønskelista mi,  uten det har lykkast av mange grunnar. Dei er dyre og vanskelege å få tak i. Her i sommar kom ei av mine håpefulle over dette sofa trekket på netthandel. Fyrst måtte eg  få fatt  i ein toseter Karstad fra Ikea...... utgått  modell . Jippi fann ein fin og lite bruk på Finn.no . Så då var det bare å bestille sjølve sofatrekket. Eg var veldig spent før eg fekk trekket i posten. Eg vart knallfornøgd.  Trekket er i 100% lin i stoffet Delft flower til Designers Guild.
.



 
Må innrømme eg kjøpte litt ekstra stoff. Blir kanskje teppe, stoff til ein stol, eller pute? Har iallfall ein plan.


Klem
Lilla dør

mandag 23. august 2021

Billedvevutstilling på Bryne


Her er teppene eg hadde med på utstillinga på Bryne sist sundag, i forbindelse med at Ingrid Vinningland slutter  av med kurs etter 27 år. Sjå innlegg om biletvevarane fra Jæren:




Dei fire årstidene, det er vel det største eg har vove. Liker godt fargane i det teppet.


 Ingrid sitt, eg vart inspirert av det, hadde eg hatt god tid skulle eg ha vove eit liknade...nydelige fargar .



Klem
Lilla dør

fredag 20. august 2021

Plantefarging med takrør


Eg plukka takrør langs Frøylandsvatnet saman med nokre venninner.... sykkeltur med kaffipause er heilt ok. Jillt fra a til å med plantefarging:
)

Brukte bare "duskane" på toppen av stråa


Kokte dei ca ein time og lot dei ligge i fargesuppa til neste dag, silte den og sette den på igjen i gryta samt med 300 gr PT2 garn ferdig beisa med alun. Varma opp til 85 grader og holdt temperaturen i ca 1 time.  



Desse to hespene farga eg i ettersuppa, vart litt lysare og litt meir guligt på farge. Godt fornøyd med fargen  av takrør.....fin grønn farge spør du meg.



 Klar til bruk . Blir nok liggane til modning ei stund......


Klem
Lilla dør

tirsdag 17. august 2021

Klargjøring til plantefarging


Laga hesper av PT2 buntane i naturkvit. før eg beiste garnet.
t


Fyrst bløtlegger eg garnet og så beisa eg det med alun.  Så er det klart for plantefarging. Neste trinn no er å hente fargeemne. Planer om takrør.


 Klem
Lilla dør

mandag 16. august 2021

Lunbris teppe


Eg strikka ferdig lunbristeppet som eg starta på for lenge sidan. Teppet har blitt liggande på hytta men kjekt å strikke det ferdig i sommer. Endå ein ufo ferdig, jippi !!!!


.Lunbris sommerteppe. Mønsteret er kjøpt hjå Pickles. Strikka på pinner nr 6 i garnet  summer tweed fra Rowan. Ei blanding  av bomull 30 % og silke 70% i ulike turkis/blå fargar.  Passa perfekt inn på hytta. Endå eit lite teppe. 






 Klem
Lilla dør

søndag 15. august 2021

Vevebok med biletevevarane på Jæren


Utrulig men sant:))) eg er med i ei biletvevebok. Eg har gått og vove i mange år hjå Ingrid Vinningland som har halde kurs i 40 årI i forbindelse med at ho sluttar har barnebarnet hennar laga ei fotobok ++++....... ei minne bok . Ca 60 kursdeltakarar saman med Ingrid er med i minneboka . Der mange av biledvevane vises, litt informasjon , litt om teknikkar og mimrebilder fra ein del av kursa oppigjennom åra.
.


 Her er biledvevane eg har med i boka.
Neste søndag skal det være utstilling  på Bryne av biledvevane.


Klem
Lilla dør

mandag 2. august 2021

Bjørnegenser


Strikka ein bjørnegenser til minste jentebarnebarnet mitt. Strikka av garnlageret, delvis. Har mykje lilla Peer Gynt, her brukte eg det saman med terracottafarga smartgarn.




Strikka i størrelse 4 år ...tenkte den var greia å ha litt stor..... og så vekst dei fort. 
Design og mønster er fra Sandnes Garn hefte 2103 strikka ovenfra og ned. Oppskrift  Helene Skjørestad.
.

Totalt brukte eg 375 gram garn.  Strikka på pinner nummer 3,5


Eg starta på dette prosjekt i vinter men gjorde det ferdig no i ferien slik at eg kunne få gitt den no da ho fylde år i starten av august. Slik blir det når eg har fleire prosjekt på gang på ein gang :))))


 Klem
bestemor/lilla dør