Viser innlegg med etiketten oppskrifter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten oppskrifter. Vis alle innlegg

søndag 30. juni 2019

Ny vri på strikkeoppskrift :))



 Eg fylte år i slutten av juni og hadde hagefest...... hadde gleden av å samle familie og venner. I den forbindelse hadde mine håpefulle laga quiz om meg og svara i quizen enda i tal som igjen fekk sin kode. Ut i frå dette hadde dei håpefulle laga ei strikkeoppskrift.


Så ein pose med to pinner og eit garnnøste var ein del av bordpynten til dess dei ulike laga rundt borda trong det til quizen. Knalltøff og nye vri på quizen. Tusen takk!



 Alle 6 laga klarte quizen som enda som ein strikkelapp med eit hjerte med tallet 60.






 nesten ferdig ..... eg har no strikka det ferdig og det skal bli montert saman med dei 5 andre.....truleg til eit lite dukketepppe til barnegulla.


 Litt bilde frå bildekodane og strikkeoppskrifta. 


Tusen takk til mine barn og svigerbarn. Dokke er beste sort.

Klem
stolt mamma og svigermor

mandag 16. desember 2013

Varm sjokolade med marshmallows


Adventskos :)
Varmsjokolade i glass........ gjerne med eit julekjeks og julemusikk attåt. 
Det gjere godt ein sur og mørk desemberkveld. 


 Oppskrifta;
Mokkabønner i bunnen av glasset. Hell så varm melk over. Rør i det med ei skei. Viss ein ynskjer det litt søtere eller bare for dekoren kan ein ha små marshmallows på toppen. Eg bekrekna ca 2 dl melk pr glass/person.

Strikking av mansjett;
 Mansjetten som eg har rundt glasset laga eg modell til sist desember til førjulskvelden då  Sjå her
Der kan du sjå ulike modellar som me strikka den kvelden. Eg hadde ulike tekstar på dei. Denne lyseblå ugla står det "Glad i deg!" på. På den andre eg har laga står det "Eg kan motstå alt utanom fristelser".  Passa godt til å ha rundt glasset når ein har slike varme drikker som sjokolade og te.


Mini marshmallowsane oppbevarer eg eit smalt norgesglass. Både dekorativt og praktisk.

Ha ei fin adventstid videre.
Husk å nyt dagane og ta gode pauser inni mellom.

Jillt du såg innom her og ekstra takk til dei som legg igjen eit spor. Det varmar ekstra.

Klem
Lilla dør.

onsdag 23. januar 2013

Varm sjokolade med krem


Kva er bedre enn varmsjokolade når ein har vore ute på tur i det kalde veret. Til og med bedre enn kaffi:) då.
Eg har prøvd meg på ulike lysåpningar med kamera. Det å fotografere mot lyset er ikkje enkelt.  Igrunn jillt med fotografering og. Skulle bare hatt litt meir kunskap eller meir tid til å lære meg meir. 



Eg bruker ein til to plater med kokesjokolade pr liter h-melk. Løyse sjokoladen oppi litt vatn fyrst. Varma det opp mot kokepunktet. Og så serverer eg det med piska krem. Mmmm.









Ha ein fin kveld vidare med eller utan varm sjokolade.

Klem Lilla dør

onsdag 7. november 2012

Hals til junioren



 Eg har strikka denne halsen med tre ulike ull/alpakkagarn (restegarn) :).  Fekk fram fine grånyanser på den måten.


 Falsk ribbestrikk; 
1. pinne rett
2.pinne 1 r, 1 vr ut pinnen.
Gjenta disse to pinnane.


 La opp 40 masker på pinner nr 6. Strikka fram og tilbake til ønska lengde. Maska saman til slutt.



Klem lilla dør!