Viser innlegg med etiketten Bordskånara. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bordskånara. Vis alle innlegg

onsdag 12. juni 2024

Smily koppebrikker


Såg på Unni`s maskinbrodering at ho solgte filer til desse koppebrikene. Passa godt no når eg holder på å øve og trene på meir tekst og broderi på dataen og symaskina. Øving gjere meister....kanskje.



Artige smily , blir i godt humør når eg drikke kaffi saman med desse :)))


Kan nok brukast til diverse ting..... som pynt på t skjorte? på penalet? toalettveska?



Klem
Lilla dør
 

 

torsdag 8. februar 2024

Jordbær


No har eg totalt 4 stk... klar til sommeren og jordbærtida. Ikkje for det, no kan ein spise og kose seg med jordbær året rundt, sjølv om dei norske er best i sommarmånadane.




Quilta med broderigarn
Hadde material pakke med to til av desse bordskånerne eg sydde for 10 år sidan....hjelp kor blir tida av.

Se meir jordbær søm her
.

 Klem
Lilla dør

tirsdag 1. mars 2022

Korona kyllinger :))


Eg hadde tidligere sett nokre mugruger på Instagram alla desse i gule og kvite stoff.... Fekk lyst å sy meg nokre mugruger no til våren/påska. Eg tegna mønstet sjølv, fann ut at eg ville ha dei litt fargerike. Treng noko fargar no i desse koronatider og krig i Europa. ( nesten nifst bare å skrive ordet krig)



Måtte jo teste dei ut med litt lørdagssnop og kaffi:)



Eg likte i grunn denne pjuskete Kaffe Fasett  stoff høna best :)
Eg applikerte på auge og nebb ellers vart det ikkje så mykje quilting.



Ein frisk og ville gjeng :)))


 Baksida ....er og ei side.


Klem
Lilla dør

torsdag 4. juni 2020

Nye brikke til kjøkkenbordet


 Hadde litt marimekkostoff liggande. Planen var nokre brikker til kjøkkenbordet, men det har tatt si tid. Eg har halde på med denne lukkekanten veldig lenge. Blitt lite håndarbeid, men eg håper stadig at lysten og gleden til å sy kjem igjen snart. Dagens hjertesukk.


 Enkel quilting har eg brukt, der eg bruker syfoten som linjal.


 Så var det bare denne lukkekanten som skal syast til for hånd. Kjekt sofaarbeid. Blir bra trur eg. Likte godt den grønne lukkekanten på dei.


Klem
Lilla dør

onsdag 25. mars 2020

Trong ei brikke til :)


 Dette marimekko stoffet synest eg har knallfine farga. Kjem i vårstemning...... 


 Hadde to brikker men no når studenten har flytta heim igjen for ei tid trong me ei brikke til. Viktig med kvar vår no i desse korona tider :). Hadde nokre stoff rester.... jammen vart det nok til ei brikke til med litt lappesøm. 


 Quilta den lik dei andre to med ca 1,3cm breie saumar opp og ned. Brukte symaskinfoten som mål.



 Brikkene er ganske store.. 40 x 48 cm


Klar til bruk 

Klem
Lilla dør

lørdag 9. juli 2016

Strikk av stoffrestar / gardinkapp



Ein bunt med strikka gryteklutar


 Ei av jentene mine var med og arrangerte utdrikningslag no i juni.... dei hadde lyst å være litt kreative. Det vart til at dei fekk beskjed om å ta med nokre grove strikkepinnar frå 8 og oppover:) så i ein av pausane og sosial setting var det produsert mange frine gryteklutar / bordskånere.


 Kjempefine...godt jobba jenter!


 Dei la opp ca 18 masker og strikka rille strikk


 litt ulike vart dei, men med sjarm


Her klar til overlevere å til bruda i helga i bryllaupet

Klem
stolt mor 

søndag 14. februar 2016

Valentinsdag :)


 Sei det med roser er det visst noko som heiter..... 


 Det vart litt baking i helga. Gul kremkake som me kaller det her i huset..... Mange av dei håpefulle var innom i helga og då er det ekstra jillt å bake:)


 Ide frå facebook,  hjertekanelsnurrar... dei falt iallefall i smak. Artige å bake og.


 Eg fann ein link til oppskrift på hekla hjarte til å ha under koppen som bordskånarar på bloggen Vårli idag. Måtte bare prøve den... vart fort eit hjarte og er igang med nummer to. Fint til å bruke opp smårestegarn ;).



Ha goè veke...... 
Vinterferie for mange. 

Tusen takk for goé tilbakemeldinger og kommentar på bloggen. Alltid  like jillt det.

Klem
Lilla dør

tirsdag 1. september 2015

Mens me fyrst var i Rosendal måtte me innom Baroniet



I rosehagen på Baroniet er det bare fantastisk masse flotte roser. Dei stod i full blomst sjølv om det var siste helga i august.



Frå den gule sal og ut i hagen.........


Mot inngangen til borggården.


Bildet er henta frå boka Rosendal-slottet frå 1665. Et underlig, levende minde.


Frå ein del av hagecafeen.  her var det ikkje få planter!






Tvillingblomst og pelagonia.


Glimt frå urtehagen.


Potetlefse frå Hardanger.....den var fantastisk goé den smelta meir eller mindre på tunga. Nysteikt og med smør og sukker på.


 Salat rett frå hagen i bakgrunnen.


Ein fantastisk opplevelse å få sjå dronning Sonja og dronning Margrethe sin kunstutstilling som hadde si nest siste helg på Baroniet. 



Bildene er tatt frå katalogen til utstilling :)
Dronning Sonja og Margrethe sine bilder.

klem
Lilla dør