Fekk tømt stikkekorga og sortert det som var der. Eg har tenkt tanken men no trur eg det må bli: INNKJØPSSTOPP. Du så mykje jillt eg har å halde på med. Heldige meg.
I allefall nesten innkjøpsstopp av garn og stoff. Heilt stopp klarer eg nok ikkje, men nesten trur eg. Har veldig mange påbegynnte prosjekt og mange er planlagt der eg har det eg treng for sy eller strikke. Så kanskje dette må bli nyttårsforsettet mitt.
Her noko av det som ligge, garn til hals. Kjøpt i Tyskland.
Dette garnet samlar eg på ....kjøper litt kvar gong eg er i London. Dei har det mellom anna på Loop. Kva eg skal bruke det til veit eg ikkje. Tar imot gode forslag. Men det er nokre fantastisk fine farger i et nydelig ullgarn:)
Påbegynte vottar i fjor
Pinnane er sorterte og klar til bruk. Både rundpinnane og strømpepinnane:)
Lageret av ulike garn er STORT.
Til meir eg strikkar til meir garn får eg trur eg.
Har til og med notert ned dei ulike prosjekta som er påtenkt og påbyrja. Gubben har mumla om eit eller anna antall, han er nok inne på noko der og. Sjølv om eg ikkje vil innrømma det heilt. Men no har eg det svart på kvitt.......
Sist innkjøpte garn rett før eg sa (nesten) stopp:) til lubbar
Syrommet er og ganske ryddig:) klar til sying. Gleder meg til det.....mange tanker og idéar...... kjem etterkvart.
Stofflageret trur eg eg får ha for meg sjølv inntil vidare. Skal heller få sjå dei ferdige produkta i åra som kjem:)
Klem
Lilla dør.