søndag 23. februar 2020

Påskelue


Har strikka påskelue til ei avbestemorgulla mine :). Håper ho vil like den, den er iallfall mjuk, varm og original, Finnes ikkje mange av denne. Inspirasjonen min var ein gryteklut ei av mine kollegaer hadde strikka. 


 Srikka den i Merinoull fargen spirende gress av spøtegarn som bunnfarge. Kyllingane er spøta i mohair luxe. Ved å spøte kyllingene i mohair vart dei litt pjuskete og mjuke som kyllinger er :)))



Strikka på liten rundpinne pinne nr 3 i rullekanten og reste på pinne nr 3,5.
La opp 92 masker.


Blir fin saman med dette gule børsta alpakkagarnet..... kanskje eg må strikke noko av det. Eg er inn i ein periode der eg vil prøve gjere ferdig ting og /eller strikke fra garnlageret mitt.


Dusken kjøpte eg hjå Idestova på Bryne. Dei hadde ulike typar og sjølvsagt likte eg best den ekte og dyraste.  Var både mjukast og mest pjuskete :). Den er festa med trykk knapp. slik den enkelt kan flyttast fra lue til lue.


Klem
Lilla dør

lørdag 22. februar 2020

Osakasjal


 Det skal strikkast i dette lekre silkegarnet Ito



 Eg var heldig å få denne materialpakken sist eg fylde år av ei venninne. Eg synest de er nokre fantastiske farga. Har starta på eit sjal men det kjem nok til å ta si tid.... tynt garn og mange masker. Blir kjekt bilstrikk og/eller sosial strikk når eg skal på klubb pluss pluss.



Strikka det på pinner nummer 4. Ligge mange slik fine sjal på Instagram vist dokke går inn på #osakasjal.

Ha ein fin lørdagskveld. Blir strikketøy i godstolen her i kveld.


Klem
Lilla dør

fredag 7. februar 2020

Hekla teppe i Norogarn



Klar til bruk.... sjå dei fantastisk fine fargane 



Silkegarn eg fann i garnlageret mitt...tenkte det kunne passes perfekt til kant rundt teppet...


 Vart mange runder rundt teppet.... det måler 170 x 170 cm ferdig. Hekla etter oldemorsrute-prinsippet, rundt og rundt.


 Silke og ullgarn: det er det eg har brukt for det meste i teppet. Godt eg har fått det på tilbud :)))


 Fantastisk fint garn og i tillegg dei fantastisk fine fargane... eg digger det som ungdommane seier :). I tillegg passa det perfekt inn i stova mi til fargane eg har der. Mellom anna til teppet og putene eg har sydd i Designers Guild stoff.




Men teppet har tatt tid...gjordt mykje innimellom. Kanskje nærmare tre år, slik er det når ein har masse ting på gang :))) eg lærer vist aldri. Men dette er ein del av "2020 gjereferdigprosjektene" mine. Gjere ferdig påbegynte arbeid og tillegg drive med garnslanking. ( prøver iallfall).

Klem
Lilla dør

God helg her er det godstolen og strikk. Heilt ok liv det ein fredagskveld.

tirsdag 4. februar 2020

Snømennene klare..... men manglar snø



Har gjordt ferdig snømannen som eg starta på i desember hjå Linda i juleverkstaden hennar
(Ide og mønster)


Det var bare nokre småting eg gjorde her om dagen.... mellom anna sydde eg hatten og limte litt tilbehør på plass :)))


I grunnen ein litt rar snømannsamling, men men 
Usikker om det blir fleire av desse ....:)))


På rett plass kan dei være dekorative men no blir dei verande i juleskapet til det nærmar seg jul igjen



Feistein fyr i sikte

Lite snø her om dagane, verkelig vår på Jæren,,,,,,,



Dette er det nærmaste me kjem snø her. På grunn av  masse fine og bølger er det masse skum langs stranda


Klem
Lilla dør

søndag 2. februar 2020

Sorbetcardigan


Eg starta på dette prosjektet våren 2019. Det tok si tid med mange prosjekter samtidig. Veldig fornøgd med fargane. Ofte er det kvite kantar på sorbetcardigan men eg valgte sjøblå.


 Mille fryd knitwear sorbet cardigan sitt mønster. Cardiganen strikkes ovanfrå og ned med raglan og ribbekanter.
Pinner nr 3 og 4. Strikka jakka med dobbel tråd


Brukte Knitting for Olive garn i fire av fargane og to med tynn silkemohair






 Klar til bruk 


Klem
Lilla dør

lørdag 1. februar 2020

Omsøm og gjenbruk


Eg har sydd om 3 lingardiner til juleduker. Litt tidleg ute, men men.... Eg hadde tre lingardiner som har blitt lite brukt. Kjøpt og sydd som julegardiner for lenge siden. No i rydde prosessen i heimen fann eg ut at eg skulle sy dei om til dukar.


 Har hatt litt tid på sy rommet etter gamalt i dag. Lørdagsysler.


 Fin rødfarge.....  



Klem
Lilla dør