Her er eg i gang med lua... mønsteret fann eg på nettet. Eg valde å strikke det i garnet Sterk, det er mjukt og klør ikkje:).
Som de såg på sist blogginnlegg var oppgåva å lage både lue og koppmansjett . Dei skulle ha med seg ein favorittfarge i ullgarn som dei skulle strikke den ein sauen i og litt på kopp mansjetten...... Resten av garnet var likt og låg i posen.
baablehat i shetlandswool er mønsteret henta frå. Ligg på nettet.
Var dei ikkje knallfine? Alle kom heilt i mål :) I grunn kjekt med felles prosjekt på slike jenteturar. I alle fall når alle liker godt å strikke.
Eg fekk til og med lært meg ny hekle teknikk til grytekluter ...dobbel hekling spør du meg . Perfekt til grytekluter. Det vart ein båt-aktivitet.:). No må eg bare få hekla dei ferdig slik eg ikkje gløymer teknikken.
Tusen takk for fantastisk fin tur til Jelsa!!! Godt lag og kjempefin plass.
Klem
Lilla dør