Viser innlegg med etiketten sydd ferdig 2017. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sydd ferdig 2017. Vis alle innlegg

onsdag 27. desember 2017

Krabbeteppe til bestemorgullet :)


Eg har hatt liggande tre pakkar med ferdig oppskore stoff i 5 inch. 18 biter i kvar pakke. 
Riley Blake design,  stoff Giraffe Crossing. Etter nokre år med "modning" vart det ein gyllen anledning til å sy av det no når eg vart bestemor.


Quilta med symaskin 


Vattert med ullvatt



Klem Lilla dør

søndag 17. desember 2017

Fleire strikkeposer


 Har litt dilla på desse strikkeposane med sauemotiv. Noen har eg solgt, noen gitt bort andre er til salgs....viss nokon manglar  ei julegåve


Nokre er selde og nokre er gitt bort



Strikkeposar



Ha ei fin førjulstid fortsatt!


 Velkommen til ny følger

Klem
Lilla dør

onsdag 13. desember 2017

Stor snømann!



 Eg sydde den i voksduk.... ca 1 meter høg. Armane er hasselgrein frå hagen. Det gjekk med mykje fuglesand og vatt for å fylle den. Eget design.


 Nasa hekla eg etter innfallsmetoden. Hua er strikka i rillestrikk. 








Passer på døra her.  Med dette sure veret og delvis regn på tvers er det godt at den tåler ei regnbye når den står ute.


Klem Lilla dør!

søndag 3. desember 2017

Korger til jul


Eg sydde meg nokre slike enkle korger. Lette å sy..... og er ganske anvendelige.


Fine til å ha småting i. Brødkorger, etc. Bli nok fleire av desse. Kan og brukast til potteskjuler når ein har plast eller ei anna blomsterpotte inni. 

Klem Lilla dør

torsdag 19. oktober 2017

Mapper/toalettvesker


Sydde mange av dette mønster her for litt sidan.
Design Melanie Ham. Mønsterlink på Youtube.
se meir her


Ulike fargar og stoff
store og små


Veldig artige å sy...... 


Dette fekk eg av ein meter stoff.

torsdag 28. september 2017

Avkobling på syrommet


Kjekt å kunne finne inspirasjon til å ta seg litt tid med symaskina.....har mange lyster så får vi sjå kva det blir til:). Eg sydde desse mappene her i veka..... heime åleine kveld.
  Mappene i ullfilt med haustblad.  Valgte å ha lilla glidelåser. 
Eige mønster og idé.







Så  sydde eg ei firkanta mappe/bag til å ha ulikt babyutstyr i som til dømes ekstra bleier +++
Kjem nok til å sy fleire av denne typen i andre størrelsar. 
Takk for inspirasjon til ei kollega som gav meg link til mønsteret og til og med stoffet fekk eg. Tusen takk!!!!


 mønsteret fann eg på Youtube, søkte på  Melanie Ham.


Klar til å gjevast bort..... som sagt venter eg på å bli bestemor........

Klem
Lilla dør

onsdag 27. september 2017

Bestemor søm og oldemorsteppe




Eg har sydd dynetrekk og pute trekk til vogga,  frisk stoff frå stofflageret. Kjøpte det i Danmark i si tid. Stoffet har lege på modning.....


Jillt å kunne sy på merket "Laget av bestemor".... snart ein nye livsepoke. Gleder meg veldig!


Her er det på plass i vogga! 


Dette vogn teppe sydde mi mor til min eldste son som no skal bli far. Teppet er like fint no etter å ha vore brukt til mine ungar. Teppe er ca 29 år.


 Vognteppet er håndquilta. 


Vaska og klart til å takast i bruk igjen.

Klem
Lilla dør

søndag 10. september 2017

Litt småsaum med overlockmaskinen




 Eg snopa litt stoff og mønster då eg besøkte Lappelykke i sommar. 


Koselig quiltebutikk på Randaberg.



 Kjekk og snar å sy. Hadde akkurat nok til to "korger" av den pakken eg kjøpte. Små korger til å ha ting og tang i...


 Eg sydde dei nesten ferdige i sommar men dei har blitt liggande.  I dag har hatt nokre oppryddningstimar på syrommet. Jillt med det som blir ferdig.


Sydd dei ferdig ute i haustsola på terrassen i  dag.
Designs Lazy Girl



 Klare til bruk!!! 

Klem
Lilla dør

torsdag 17. august 2017

Tvisterbrikka klar


Brikka eg sydde samn med ei venninne i juli er klar!!!! Fekk quilta og sydd på lukkekant her om dagen......hadde nokre timer på syplassen min på hytta






Blir nok ei hytte brikke.  Passa godt i fargane her.


Vart ca 50 X 50 cm 


Ha ei goé veke forsatt.

klem
Lilla dør