Viser innlegg med etiketten Vårens Glade piker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vårens Glade piker. Vis alle innlegg

fredag 1. mars 2013

Truseposer


 Truseposane heng på rekke og rad.......klare for salg. Posane som er sydde som truser er til ha truser i når ein er ute på tur:)





 Jillt å kunne finne fram gamle retro blonder når eg syr dei. Gummistrikkblondene gjer susen rund trusekanten:)))


 Blonder til kr 0,60 pr meter er ei stund siden. Men
dei er i grunnen uerstattelige no.  Så verdien for meg er stor.


God tur!
 Posane er klar for salg i helga på "Vårens Glade piker".

Klem
lilladør

torsdag 28. februar 2013

Rose-bordskåner


 Bordskånerne mine i friske vårfarger. Inspirerte av roser/blomster.






Baksida:)


Klem 
Lilladør

tirsdag 26. februar 2013

Viktig med påfyll og inspirasjon :)


 Se kor heldig eg var her i helga........... fekk meg ein fantastisk flott rosebukett. Takk til giver. 


 Kjøpte meg nytt blad M by M. Mykje flotte oppskrifter i strikk og hekling. Noko for ein kvar smak. I tillegg oversikt og reklame for ny bøker........ litt meir fristelser. Bare det ikkje blir som ordtaket; eg kan motstå alt untatt fristelser :).  


Ellers ligg det tre knall gule bunter med bomullsgarn i ei skål på kjøkkenet å ropar på meg.
 Gler meg til å byrja på dei.
Truleg blir det ein håndduk i maskinstrikk. I mellomtida er tråden fin pynt på kjøkkenet :)
Gult er kult.


Eg er klar til å sy blomane til desse vårfriske bladene. Planen er at det skal bli rosebordskånere.
Blir dei klare, blir dei med til Vårens Glade piker til helga.

Ha ei goé og kreativ veke videre.
Takk for at du såg innom.

Klem
Lilladør

mandag 25. februar 2013

Hønene er på luftetur....klar for "Vårens Glade piker" utstilling


 Vinhøna nyter sola ifrå stigen på terrassen. 


Godt å være to:)


Dinglebein......


Verpesjuk:)?


I djup kommunikasjon.
Begge blir med til "Vårens Glade piker" til helga. Kanskje me treffast då?

Klem 
Lilla dør

søndag 24. februar 2013

Yes! Ny sesong på terrassen er starta


 Herleg med helg og rolege morgoner. Tid til både ekstra kaffikopp, lese litt og litt håndarbeid. Idag har eg hatt håndsaum, gjordt det siste finishen på ting eg har sydd på maskin og skal ha med meg til "Vårens Glade piker" til helga. Sjå her



Etterpå var det terrasseliv. I dag kunne me faktisk opphalde oss ute i sola og kjenne at sola varma. Hatt full sol på terrassen i heile dag. Kjempe flott!!!!!  Merka at nabotomta har tatt ned nokre store tre.:)). Nesten som våren var på snarvisitt! 



 Kjekt med litt håndsaum ut og:). Fekk unna både det eine og andre.









 Godt med mange gode sitteunderlag eller rumpevaremre som eg kallar det.  Inviterte resten av familien på bål og varm sjokolade i sola.


Tenk at me er ikkje er kome lengre enn til februar og me kan sjå tilbake på ein flott dag i hagen og å¨ terrassen.
Det var goé avsluttning på vinterferien for studentane som reiste no.

Klem 
Lilla dør



onsdag 20. februar 2013

Meir hekla roser


 Inspirert av det fine vårlege veret til og med med solglimt har eg heka nokre bordskånarar i knall rosa og lilla. Denne gongen har eg hekla det i bomullsgarn med heklenål nr 3,5. Eg laga nokre i lin i sist veke. Sjå her





Desse rosene vert med til "Vårens glade piker" utstillingen.

Klem 
Lilla dør 


søndag 17. februar 2013

Nytt stoff på gang:)



 I helga har eg printa ut nye bilete på stoff og klar gjordt dei til bruk. Det er kjekt å kunne bruke sine egne bilete på stoff. Blir meir mitt eige då. No held eg på med å sy nokre puter. 



Tidleg vår på Jæren.....før det byrjar å spire rundt steingarden på Grødem.

Ei pute klar til å ta med på "Vårens glade piker utstillinga" fyrste helga i mars.

Klem
lilla dør