Viser innlegg med etiketten Hardangersaum. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hardangersaum. Vis alle innlegg

tirsdag 30. mai 2017

Hardangersaum-kunst


 Tanta mi hadde denne gardina hengande i altandøra på hytta/huset sitt sidan 1970 åra og til i fjor. Difor er det ulike fargar i tekstilen.....med sin sjarm. Eg har vaska det men det var så mørt at det meir enn mindre gjekk i oppløsning. La det på tørk flatt og strauk det glatt før eg la det mellom to plexiglass. Plexiglasset hadde eg bestilt hos Bryne Plast ferdig tilskjert etter mål.


Reint og glatt med ulike fargetonar. Ein ser kor treverket har vore....der er fargen i behald, resten er bleika kvitt no av sola alle desse åra:)



Her blir det  lagt i mellom to plexiglass.


To gode hjelparar får det på veggen (tusen takk for hjelpa)


Er så fornøgd......



Gjekk når nytt og gamalt kan møtast.
Jillt å ta vare på slike gamle kunstverk, for det er det spør du meg.

Klem
Lilladør


mandag 19. september 2016

Innom gjennbruken på Klepp ein tur


Nupereller igjen i fin gamalrosa farge ca 20 cm stor pris kr 20,-
Kupp spør du meg. Noen lurer kva eg skal me det.  Eg ser smykker/diamanter i det :).
Det neste må vel bli at eg lyt ha meg eit lintøy skap til å samle galskapen min eller klokskapen. Håper noen av mine håpefull ser verdien i det og ...det trur eg 


To av desse i samme farge og dei var  hekla i "sytråd"




Hardangersøm.

Vart litt usikker om det er julesøm,  men eg ser for meg å felle det inn i putevar eller barnedynetrekk


Kva er dette? Kva heiter denne sømmen? er det noen som kan hjelpe meg?


Lange ca 60 / 70 cm 


Kunstverk...
Dei kunne det før og den tålmodigheten dei må ha hatt.



Eit Stavangerflint fat ropte etter meg då eg skulle gå. Fekk vera med heim det og
Ca 25 cm i diameter og 5 - 6 cm djupt


Takk til dokke som er innm og legge igjen eit spor. Ellers håper eg nokon kan hjelpe meg å finne ut kva type broderi eg fann på Gjennbruken:)
Klem
lilla dør

tirsdag 14. januar 2014

Endelig litt vinter på Jæren :)


 Desse flotte hekla brikkene fekk eg til jul. Veldig glad for dei. Dama som har hekla dei  er nærmare 95 år gamal. Sprek sunnfjording:)

Eg måtte bare ta dei ut i snøen for å få fint ettermiddagslys på dei i puddersnøen på terrassen. Vart nokre fin snøkrystallar. Eller?


 Fantastisk fin hardangerbrikke


 Men dei passa godt på nattbord som er malt i lys grønnblå farge og.



 Som sagt ikkje mykje snø men flott dag med sol, kaldt og litt puddersnø. Det liker me.


 Tatt frå kjøkkenterrassen min kl fire i ettermiddag.......etter mykje surt ver med regn og vind set me pris på slike fine dagar. Skulle bare hatt fri og kunne ha vert meir ute slike dagar.


Snømannengel
Ellers har
nokre av snømennene min  fått lufta seg litt:)


 Renne på kjelke er alltid jillt


Ha goé veke med eller utan kjelke.
Idag  står biletvev på programet. Jillt å treffe damene igjen. Nytt prosjekt på gang der. 
Goé ettermiddag. 
klem
Lilla dør