Viser innlegg med etiketten Bernina. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bernina. Vis alle innlegg

søndag 10. januar 2021

Brodert dynetrekk


Eg starta på dette broderiet for mange år sidan...... endelig fått det ferdig. Eg fann ut det passa godt på eit barnedynetrekk. som tenkt så gjort :)))


Broderimønsteret er Rabbitshaven sitt med tittelen Families are forever.
Eg tegna mønsteret over på eit bomullsstoff og har brodert.



Slik ser sjølve broderiet ut. Eg monterte det på eit fanellstoff  til Moda fabrics.  Det blir eit mjuk og varmt dynetrekk til ein av mine nye prinser. 





Klem
Lilla dør

søndag 15. november 2020

Bestemorsøm


Har sydd nokre dynetrekk til mitt neste barnbarn i libertystoff. Libertystoff er flott og lett bomullstoff.  Eg sydde det til barnedyne størrelse 65 X 80 cm.


typisk for liberty stoffa er det småmønster trykk i multifargar.....eg digger dei stoffa. No er det nokre butikker der ein kan kjøpe det i Norge og. Før var det bare i London du fekk tak i det.





Også hadde eg sydd eit tidlegare i blått retro bomullstoff. Håper det fell i smak hos mottakarene!



 

 Lilla dør´s dynetrekk kolleksjon hausten 2020 del 1


Klem
Lilla dør

mandag 2. november 2020

Telt til dokkene


Nå har eg sydd eit telt til dokkene (les baby liten) til ei av prinsessene mine. Den eldste av dei fylte 3 år og liker godt å reise på telttur sjølv, så då må jo dokka også få reise på telttur i hagen eller på teppet i stova :) synest bestemor


Eg vrengsydde heile slik at det vart meir solid. Eg brukte mønsteret til Merete syr. Til teltstenger har eg brukt fiberstenger fra Stoff og stil.



Teltopningen


Soveposen og ryggsekken var og med i mønsterpakken fra Merete syr.  Til liggeunderlag brukte eg sitteunderlag kjøpt på sportbutikken som eg delte på langs.


Klar for tur


Eg valgte å sy for i soveposen og eg sydde soveposetrekk til den.



Ryggsekken har gummistrikk til seler slik at den er lett å ta av og på dokka


 Klem
Bestemor/lilla dør

søndag 11. oktober 2020

Eit lite og kjekt syoppdrag.



Om eg fekk spørsmål om å sy eller eg tilbydde meg er eg usikker på :) men eg har iallfall sydd trekk på sitjepute på ein kjøkkenbenk. Nokre av mine håpefulle er på flyttefot og held på å pusse opp. Eg har sydd trekk til nokre puter til ha i benken. Til sjølve sitteputa brukte eg vaska og brukt linduk.....ferdig krympa og fast i stoffet. 



Den eine puta brukte eg Designers Guild stoff .... ein av mine favoritt designarar.  Stoffet kjøpte eg på ein Londontur ei tid tilbake. 


Dette stoffet har og lege i stofflageret mitt på modning. Det er fra ein New York - tur endå lengre sidan. Visst på tide eg får brukt nokre av stofskattene mine. Den tredje puta er i lin lik sitteputa.



Hortensia :) se fargane og kor lik stoffet er ein ekte blomst som er fra hagen.



På plass


Trekka både på putene og sitteputa er med glidelås, slik at det er lett å  ta av og vaske. 
Innerputene er 50 X 50 dunputer fra Ikea 


Klem
Lilla dør
 

fredag 6. april 2018

Nytt dynetrekk til barnesenga på hytta


Eg sydde nytt trekk til barnedyna på hytta til påske.   Fann nokre stoffrester i stofflageret mitt. 


Det smårutet eplegrønne stoffet passsa godt saman med det rosa blomstrete stoffet. Sydde dynetrekket saman med overlocken.



Kjempejillt å kunne lage til barneseng til bestemorgullet.....sjølvsagt måtte ho og få påskeegg når ho kom på hytta i påska.


Klem
Bestemor

mandag 29. januar 2018

Gjere noko eg ikkje kan, men vil lære:)



Øving gjer vel meister. Eg har som nyttårsynskje i år at eg skal settte meg inn i dataprogrammet Bernina V8 til symaskina mi.
Så får eg sjå kor langt eg kjem.....eg er visst litt utålmodig av og til når det gjelder data .....seier dei som kjenne meg godt, uten og nemne namn.)))

Har planer og stingsette dette bildet...prøve i allefall.


Har forsatt håp om  at eg skal klare å brodere og stingsette.
Har iallefall hatt ei fin helg på syrommet i helga som var. 

Klem
Lilla dør



onsdag 27. desember 2017

Krabbeteppe til bestemorgullet :)


Eg har hatt liggande tre pakkar med ferdig oppskore stoff i 5 inch. 18 biter i kvar pakke. 
Riley Blake design,  stoff Giraffe Crossing. Etter nokre år med "modning" vart det ein gyllen anledning til å sy av det no når eg vart bestemor.


Quilta med symaskin 


Vattert med ullvatt



Klem Lilla dør

torsdag 17. november 2016

Designers Guild vegg på kammerset på hytta



Eg er ein stor fan av Designers Guild design...fargeglad og fantastisk


Eg fekk kjøpt meg eit par rullar då eg var i Oslo fjor haust.
se meir her
No har eg endeleg fått det opp på veggen. Med god hjelp av venner i Florø. Tusen takk for hjelp og kurs i tapetsering :)


Resten av rommet er gamal tapet frå 70 tallet.....


I lite hjørne der har eg eit lite bord med vidunderet mitt fra Bernina. Har allerede fått prøvesydd litt der. Fekk sydd ferdig julegrisen i lin.




Se farge spellet i både tråden og tapeten.... her må eg jo bare bli heilt sygira


Dei gamle sytrådane i norgesglasset glir rett inn dei og.......gler meg til å få sy meir der.  Snart jul og litt feriedager. 

Klem
Lilla dør