Viser innlegg med etiketten Overlockmaskin. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Overlockmaskin. Vis alle innlegg

søndag 31. mars 2024

Brannmann Sam lue


Dei tre guttebarnbarna mine fekk kvar si lue med brannmann Sam, blir aldri formykje av slik luer..... trur eg


Klar til bruk i vårsola. dei vart ein del av påskeegget. Treng ikke bare være snop oppi det, tenke eg.


Klem Lilla dør
 

fredag 13. oktober 2023

Traktorluer til gutta boys


Fann eit tøft jersybomullstoff med traktormotiv.  Måtte bare bli luer til gutta boys. Fall godt i smak . Hadde akkurat nok stoff til dei tre luene.
 



Tatt i bruk og fall i smak :) Fine friske fargar og ikke minst motivet!!!


 Klem
Lilla dør

tirsdag 2. august 2022

Gravemaskinlue



Sy luer til barnebarna er hurtig og jille aktivitet. Denne karen hadde nett blitt storebror og var hjå bestefar og bestemor. Klart han måte få ei gravemaskinlue..... når gravemaskin er noko av det jillaste akkurat no :)). Det gjelder at bestemor har dei rette stoffa på lageret sitt. Dette vart heilt perfekt.

.


Sydd i jersey stoff. Brukte overlock maskina.
 


Klem
Bestemor

torsdag 14. juli 2022

luer i jersey


Stoffet har lenge vorte liggande på sybordet .....venta på "gidda" og inspirasjon. Midt på sommaren og mykje som skjer........blir det lett nedpriotert. Kjempejillt og avkoblande for meg å sy men men.



Det vart tre rosa luer av den stoff biten eg hadde liggande.



3 rosa og 4 blå  :)))


Eg trur desse med traktor blir populære hos gutta boys på 1,5 år. Traktor er populært.


Klem
Bestemor og lilla dør

 

søndag 29. mai 2022

Traktorlue og -pannebånd


 Når du har to ett åringer som digger traktor, gravemakin og dumper må det bli lue og pannebånd. Fann dette stoffet på stoff og stil. Kjøpte ein meter så det kan bli mange luer. Men fyrst må eg finne ut om dei passar..... før eg startar med produksjon :))


Enkelt heimelaga mønster, hadde ein gong eit mønster..... dei eg sydde i fjor er for små


Likte i grunnen godt stoffet. Fin farge kombi.



Måtte prøve meg på pannebånd og....kan fort bli ein favoritt. No når det går mot sommar


Klem
Bestemor / Lilla dør

søndag 26. desember 2021

Trengte plutselig to nisseluer :)))




Då er det godt å ha stofflager..... lurer ofte på kva eg skal med alt eg samler på. Er visst ein samler når det gjelder stoff og garn :))). Dette røde stoffet har lege lenge 10-20 år?, men plutselig trong eg det. God følelse. Desse bestemorgulla skulle til oldemor og ville gjerne ha nisseluer på seg...... kjekt for oldemor med smånisser som kjem på besøk i hagen.
.

La stoffeer dobbel og klippte .... målte fyrst hodeomkretsen. Dette er strikkstoff med ferdig oppleggskant...perfekt til prosjektet. Eg fekk to nisseluer på under fem minutt.


sydde dei på overlocken






 Har fortsatt meir stoff til nye prosjekt.:)))


Klem
Bestemor/lilla dør

onsdag 7. juli 2021

Liten tur innom syrommet


Sydde slike luer til to av barnebarna i vår..... den eine av guttane har allerede vokse ut av si lue. Har sydd to nye no i ettermiddag. Håper dei passer, sydde dei i ulike størrelser og reknar med den eine er til litt stor ennå.
 Stoffet er fra stoff og stil. 


 Klar for sjølivet .......enten i fjæra, i båten og ikke minst late gode sommerdager. Er klar for hytteferie saman med barn og barnebarn.


Klem
Lilla dør

tirsdag 27. april 2021

Gutteluer


Fekk sydd nokre luer her ein ettermiddag. Fann ikke mønsteret, men hadde heldigvis ei gamal lue som eg brukte som mønster/mal. Den hadde eg lete dei minste barnebarna mine prøve ......passa perfekt til guttane  på 5 og 6 månader.


Sydd dei i jersey stoff fra Stoff og Stil.  Brukte overlock maskina då eg sydde dei.





 Klar til å bli brukt...... 

Klem
Bestemor

søndag 15. november 2020

Bestemorsøm


Har sydd nokre dynetrekk til mitt neste barnbarn i libertystoff. Libertystoff er flott og lett bomullstoff.  Eg sydde det til barnedyne størrelse 65 X 80 cm.


typisk for liberty stoffa er det småmønster trykk i multifargar.....eg digger dei stoffa. No er det nokre butikker der ein kan kjøpe det i Norge og. Før var det bare i London du fekk tak i det.





Også hadde eg sydd eit tidlegare i blått retro bomullstoff. Håper det fell i smak hos mottakarene!



 

 Lilla dør´s dynetrekk kolleksjon hausten 2020 del 1


Klem
Lilla dør

torsdag 5. desember 2019

Julekjole til nissefesten i barnehagen


eg har sydd julekjole til eit av barnebarngulla mine. eg sydde det av rester etter kjolen min. Fekk brukt opp alt stoffet, fekk akkurat nok til lue til "babyliten" ( dokka til barnebarnet mitt).





 Sydde den i størrelse to år. Veldig kjekk å sy, håper eg får sydd litt fleire av desse.....



Klem
bestemor