Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg

mandag 25. november 2024

Lyslykter i lingarn









 


Dråpe-lyslykt.   knitting for siri





Eg strikka dei i lin renningsgarn, Husfliden sitt. Brukte ca 70 gr for to. Kjekke å strikke.


Her hadde eg dei ute i hyttehagen.
 



Klem
lilla dør
 

 

lørdag 12. oktober 2024

Gresskar og haustferien på hytta Del 2


Pynting med gresskar.. God hjelp av barnbarn til utholing og utskjæring
 

Sjå det tøffe gresskaret. Spagettigresskar. Det var knallhardt, ikkje lett å få ut innmaten der. men knallfint å se på (kjøpt pga det)



pynting på bordet utforbi hytta...kom lys i det etter kvart


Dør fra søstrene Grene




Noko av aktivitetene på haustferien saman med barnebarna på hytta. 


 Klem
Bestemor og lilla dør

fredag 29. september 2023

Gresskar i hampetau



Laga meg tre stykk av desse. Ideen fann eg på Instragram. Teknikken er ganske enkelt :)  fann nokre kvistar ute i hagen. I gunnen veldig dekorative ....... 
 


 Klem
Lilla dør

lørdag 28. januar 2023

Eit snev av vår


Klosterklokkene og snøklokkene kjem for fullt no.....håper det ikke blir for kaldt for dei. Når ein ser på værmeldinga er det liten fare kanskje:) Ser ut som dei kanskje heller druknar i regn. 
)


Var innom ein lokal blomsterhandler idag snopa litt og henta mykje inspirasjon...... desse perleblomstrane vart med heim mellom anna.


Fekk rydda opp på trappa . Fekk min fyrste kaffi kopp ute saman med gubben på trappa i sola idag. 



Henta og inn nokre store greiner med bjørk. Den Lilla fuglefamilen flytta inn. Godt med stor og vill tomt. Me kan gå på skogstur i eigen hage.







Terrassen i dag...ikkje mykje blomster der, litt restar ifrå i haust


 Her planta eg ei potteplante saman med perleblomster. Helgas kjøkken pynt.



Klem
Lilla dør

mandag 16. januar 2023

Gjestesoverommet


Eg er veldig fornøyd med dette sengeteppet i lin fra Marimekko. Tok utgangspunkt i brunfargen i teppet og malte veggen bak senga. Det luna rommet og fornya gjesterommet. Ikke alltid det skal så mykje til..... fornøyd i allefall.




farge S4020-Y30R



Ein gamal engel eg laga for nokre år sidan....fekk plass på veggen,


 Klem
Lilla dør

tirsdag 18. oktober 2022

Så enkelt kan det gjerast


Trong ei enkel potteskjuler/eller og gåve innpakking. Sydd med overlockmaskin saman ein pose i strie. No i desse høsttider passar det perfekt. Litt rustikk og høstlig.


Må sjøl sagt ha plastskjuler inni striesekken



Klem

Kari
 

fredag 9. september 2022

Marimekkobrikker


Sydde meg nokre marimekko brikker. Eg er stor fan av disse brikkene.  Har dei av ulike farger.


Quilting på gang










 Kantane valgte eg ha i rester av grått og grårosa stoff.

Klem
Lilla dør

mandag 18. juli 2022

Isbar


Gubben har laga isbar til barnebarna og meg. Har lenge stått på ønskelista mi. Så her ein dag hadde han både snekra det saman og beisa den. Handy mann!!!!  Den vart godt mottatt av både meg og barnebarna. Barnebarna har selt masse is enten det er leikeis eller Diplomis sin.
.

Laga ein vimpelmekke med is og tekst. Eget design....frihåndstegning kaller ein vel det :))



Her er det dei to 1 åringene som er i full gang.....




Kassaapparat fann eg på Clas Ohlson. Perfekt, er laga av tre og ein farge som glei rett inn :) 








Treispinnane er fra sprell. solide og gode tåler det meste trur eg......



Klem
Lilladør