Viser innlegg med etiketten påskeegg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten påskeegg. Vis alle innlegg

onsdag 23. april 2025

Tova egg i trollhaselkransen


 


 


Då me var på hytta i påska dreiv vi og tova sitteunderlag (sjå eige innlegg). Då tova dei to eldste barnebarna mine og laga flotte egg inn i mellom. Sjå kor fine og dekorative dei vart.



Her er nok tre fire ulike fargelag i egget.
 



 


 Tidenes finaste krans til hagebordet.

Klem
Bestemor/lilla dør

søndag 20. april 2025

Eigen vri på påskeegga i år:)


Ny vri på påskeegga til barnebarna i år då det var meir praktisk . I år vart det ikke så mykje snop men meir aktivitetar. Laga påskeegg av gråpapir og litt hobby maling og symaskin.
.


Ulike fargar på dei






Gøymde egga ute, til dei barnebarna eg traff i påska, ellers hadde eg sendt dei med der dei var i påska med hilsen bestemorpåskeharen :)
 


 

Ellers har det blitt ei greie i påska på hytta samt med hyttenaboene at vi legger ut hundrevis med små sjokolade egg og så er det påskejakt for store og små. Veldig jillt og populært, gjelder å samle mest for ungane. Når det er så mange blir det veldig jillt og morsomt.....

Klem
Lilla dør

torsdag 3. april 2025

Egg av bjørkegreiner


Egg av bjørkegreiner
 

Klippa greinene opp i 2 til 3 cm bitar. Fordel at greinen er tørre. blanda det med trelim og hadde det opp i eggeformer (påskeegg i papp) som var dekka med plastfilm. Laga to halve egg og så limte eg dei saman.




Kjekt å prøve.......
fine inn som bordpynt til påske og ute på hagebordet.

 



 

 Klem
Lilla dør

søndag 31. mars 2024

Brannmann Sam lue


Dei tre guttebarnbarna mine fekk kvar si lue med brannmann Sam, blir aldri formykje av slik luer..... trur eg


Klar til bruk i vårsola. dei vart ein del av påskeegget. Treng ikke bare være snop oppi det, tenke eg.


Klem Lilla dør
 

lørdag 16. april 2022

Påskeegg til barnebarna


Påskeegg til barnebarna er blitt ein tradisjon. Fylles med litt snop, litt heimestrikka og litt til :)


Sitteunderlag har eg kjøpt på jobb men vottene har eg strikka





Jammen har det ikke sneke seg opp i nattas og ....til stor gled for gutta boys med gravemaskin på eller søte påskekyllinger





Desse påskeegga liker eg. I år kokte vi påskeegg x 2 i fjæra.



 Klem

Bestemor

søndag 11. april 2021

Morsomt syprosjekt til broderen


Fekk ein ide at eg kunne sy pose eller/og toalettmappe eller/og ein påskegodtepose til bror min som fylte år i påska. Det var det siste, eg fylte den med snop....... fin niste i fjæra eller på båtturen. Kona ville vist ha den til strikkepose :).  Så vil tida vise kva den blir brukt til.  Vart iallfall godt mottatt.



Stram kar sjølv om bilde er rundt femti år gamalt. Eg har overført fotobilde til stoff.



 Klem
 systra
og
Lilla dør

lørdag 3. april 2021

Pannebånd til bestemorgulla


Strikka desse i Vams garn fra Rauma.  Oppskrifta er Aftenstrikk si som har gitt ut eit hefte hjå Rauma.  (mykje fint i det heftet). Brukte eit nøste til kvart av pannebånda. Strikka dei på pinne nr 5. Tova dei i maskina x 2 etter dei var ferdig strikka.  Dei var hurtige strikka. Eg strikka desse i mars og har hatt dei liggande klar til å putte dei opp i påskeegga. 


Eg justerte litt på øyra ved sy nokre sting i kanten på øyra slik dei vart meir stødige med god effekt 





Hareøyrene vart putta opp i påskeegget til to av bestemorgulla saman med andre ting...... eg trur dei fall i smak og passa på jentene som er 3 og 1 1/2 år.


 Klem
Bestemor

fredag 2. april 2021

Påskeegg til bestemorgulla




Spennande med påskeegg...
.


Her ligg egg klare til å bli gøymt ute i hagen til bestemor. Kjekt med påskeegg både for den som lager det til og dei som får


Eg hadde utsendt hjelper til å tegne kart og legge ut egg i dag til dei to eldste barnebarna mine. 
Takk Gjertrud.
Til stor stats både til dei som leiter og finn egga og bestemor som laga dei til.   Vinn/vinn situasjon heiter det visst.
 

 Klem 
bestemor

onsdag 31. mars 2021

Gule merinoull gensarar til påske


Eg strikka to slike gensarar no rett før påske.  Strikka i merino ekstra fin frå Drops. Varm og fin gulfarge. Til mønster brukte eg bamse genser mønsteret til Petitknit.  Strikka dei i størrelse 6 til 9 mnd, men eg justere litt på lengden. Eg strikka to gule påskegensarar til jentebestemorgulla i fjor.... eg liker slike "prosjekt".
.

Hadde planer om brodere enten kylling eller hare men fann ut den vart for mykje påskepreg på den med tanke på vidare bruk. Ikkje vart det bamse ansikt på den heller .......kjekt med forandring.







Same størrelse, eg føler nesten eg har fått tvillinger i heimen, tenk to barnebarn i løpet av ein god månad i haust....heldige meg. 
Eg fekk litt tidsnød på strikkinga på  den siste genseren  pga føringar med nye hytteregler. Hadde planer om strikke den siste genseren på vei mot hytta men plutselig vart den planen skrinlagt:))) men genseren var klar. Til og med tid å vaske den før eg reiste .....



Eg tru dette er den 6 bamsegenseren (minst) eg strikkar til bestemorgulla. Kjekt når eg ser dei blir flittig  brukt.


 Klem 
Bestemor