mandag 31. desember 2012

Nyttårsaftan


 Snart klar for nyttårsfest. Etter lite omrokkeringer i sisteliten er me klar til nyttårsfest. Alltid jillt å være saman med gode venner.


 Snø krystall i glass og metall, ca 20 cm store. Kjøpt på romjulsalg. Igjen kom eg over eit kupp:) noko eg liker veldig godt. Desse såg eg som anvendelige og dei kjem nok til å bli godt brukt.


 Blå tistler med glitter!!!!





Ynskjer dokke alle eit riktig godt nytt år og takk for det gamle. 

klem 
Lilla dør

søndag 30. desember 2012

Pute


Dette mønsteret har gått i arv i familien. Mamma har brodert denne puta til meg etter eit gammalt mønstra som ho igjen har fått av si mor. Fargane er nye. Denne puta er nok laga i farger som går inn hjå meg. Den er brodert på kraftig lin. Jillt med pute som har noko ekstra med seg for min del. Den får meg mellomanna til tenke på mi mormor. Gode minner.


Mamma er bare heilt fantastisk flink å brodere. 


Her er puta på plass i stova. Tusen takk.

Ha ein fin søndag!
klem 
Lilla dør

lørdag 29. desember 2012

Juleløparen min


For nokre år sidan sydde eg denne juleløparen i rødt og lilla med sennepsfarga stjerne. Den er 1,5 meter lang men ikkje breiare enn  20 cm. I grunnen er den like grei i advent som i julehelga. Mønster/inspirasjon kjem frå Hanne Asplin Friman. Har quilta den med tynn gulltråd.







Dei røde Ittala krusa passar godt attåt.


klem
Lilla dør

fredag 28. desember 2012

Romjul


Romjul late dager med mykje innhald:) Tur på stranda friska godt opp.



Tenk å ha slikt fint turområde rett utforbi stova


Kubbespel mellom sanddynene. To familiar møtest til "kamp". Dessverre tapt min familie, men moro var det:)


Feistein i sikte



Kafebesøk høyrer til,  eg har vore på fleire allerede




Strikk og kaffi  er go´e kombi.  Her går det i pulsvarmarar i ekstra soft merino opera med litt glitter. Truleg ferdig til nyttår. Eit av garna som eg snopa i London på Liberty.


Endå meir kafe besøk:


Ha forsatt ei fin romjul!
Klem 
Lilla dør


torsdag 27. desember 2012

Siste førebuingane før julehelg.


 Det sist eg rakk å sy før jul var ei pute til eit av sengene til julebesøket vårt.  I år har vi alle heime  Kjempe fint....STOR GLEDE for oss alle.


Litt små  førjulsgåver .......som kan glede og gi litt romjulsaktiviteter for dei som har lyst.



Puta sydde eg av panelgardin.
Det må vel være det dei kalle femminutts søm:)

Klem
Lilla dør

onsdag 26. desember 2012

Julehelg


Julehelg betyr mange, gode og lange måltid. Med den nære familien, slekt og venner. Då blir det mange borddekningar og ulik pynt og stemning. I tillegg pakkar av ulike slag.... for ikkje seia ulike innpakningar. 






















 1. juledag frokost med fyrstejuledagsbollar.




Ha ei fin romjul!

Klem
Liladør

søndag 23. desember 2012

Førjulskveld


Fredag hadde med ope hus med førjulsfest med venner. Gubben stod for maten ....



Pepperkaker som elg og stjerne. 



På desse kveldane pleier me å ha ein kreativ aktivitet. Eg hadde laga mønster til glass mansjetter. Så no ligge alt til rett for vinterpicknik, med varm sjokolade eller julete eller kaffi:) Mansjettane held drikka varm og gjer det bedre å halde glass med varm drikke i. Eg gler med til å ta i bruk mine glas....


 Her er dei to modellane. Teksten har eg printa ut på stoff for å sy på etter på:)





Garnrester klar til bruk


Glass med mønster og oppskrifter på goé varme drikker


Mamma sin


Tone sitt og Anny sitt


Tone sin.
 Dei andre som laga fekk ikkje tatt bilde av.


 Bord pynt med kvite roser, einer og kongler.... Marimekko brikke. Eigentleg ein kjøkkenhåndduk men gjer nytta som duk:) og i tillegg er det same mønster som duken min.


Ynskjer dokke alle ei Goé Jul!
Klem
Lilla dør