Viser innlegg med etiketten babytepper. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten babytepper. Vis alle innlegg

tirsdag 22. november 2022

Mini Augustinteppe nummer to i haust


Teppe nummer to i haust av Mini Augustin no1 teppe til den nye prinsessa me fekk no i november.
Strikka teppe i Double sunday nr 4043. Veldig fornøyd med fargen, dessverre er den gått ut. 
Augustin er eit blondeteppe med hint av nostalgi. 


Kjekt teppe å strikke.... sjølv om det er mykje mønsterstrikk



Her holder eg på med siste innspurt av teppet med taggekanten rundt.


Brukte 260 gram til teppet ,strikka på pinnar nr4.








 Klem
Bestemor

mandag 5. september 2022

Bestemor søm til minstemann (enn så lenge)


I sommar medan vi venta på at han skulle komme til verden starta eg på lappeteppe ....krabbeteppe. Her fra ein feriedag på hytta i sommer . Godt syver men dårleg sommerver :))



Klar til quilting



Sydd i bomulstoff og jersey stoff.


Brukte dobbel ullvatt i teppe, difor vanskelig å quilte. Eg tur ikkje eg kjem til å gjere det meir. Nok med eit lag inn i 
I tillegg til å quilte diagonalt på rutene quilta eg nokre bilar langs kanten. Brukte papir som eg strauk på som symal.






Bakstykket er eit naoh stoff fra stofflageret, gammalt og godt. Trur det er fra den tida mora ti barnebarn mitt var barn sjølv.



 Klem
Bestemor

torsdag 25. august 2022

Krabbeteppe/leiketeppe


Eg fann dette stoffet på Stoff og Stil..... brukte full bredde og sydde eit krabbeteppe med dobbel ullvatt inn i.  Difor litt begrensa quilting men blir varmt og mjukt å ligge på. Blir godt for bestemorgullet å ha på gulvet når han ligger der.



Eg starta på prosjektet i sommer på hytta .....


Bakstykket er og eit Stoff og Stil stoff. Kan i grunn brukast på begge sider......



Eg brukte skråband rundt. Teppe måler ca 140 cm i diameteren 


Klar til bruk og levert til mottakeren. Jille og enkel bestemorsøm........ 




 Klem
bestemor / lilla dør

søndag 3. juli 2022

Mini augustins no 1

Strikka eit babyteppe til mitt neste barnbarn. Rundtteppe, minner om dei gamle strikka dukane. Dette teppet er designa av Augustin ved Anne-Sofie Velling.dk. Strikka i Doble sunday Sandnesgarn/Petiteknit. Brukte nesten 6 nøster. Strikka på pinner nummer 4.


starta i midten


Kjempekjekt og spennande å strikk. Klarte nesten ikke legge det fra meg . Ein runde til ....... det tregaste var tungekanten på slutten.



Terassestikk 


Blokka det. 


Klart.
Gler meg til å sjå det i bruk.



Klem

Bestemor
















onsdag 3. februar 2021

Krabbeteppe


Nå har eg sydd ferdig krabbeteppe/babyteppe til det yngste barnebarnet mitt. Starta på det i haust men no er det klart og levert til mottakaren.
 

Laget til den minste av bestemorgulla.... heldige meg som har fått fire gullklumper totalt no på tre år


Sydd av kvadrater på 4,5 x 4,5 inch. totalt er teppe ca 1 x 1 meter ferdig. Har dobbel ullvatt i det. Quilta med symaskin. Lukkekanten er i lyseblå Chambray stoff.
Bamsestoffet er ein rest frå då barna mine var små, ellers er det ulike lyseblå stoff fra lageret mitt. Kjekt når stofflageret minkar. Det mørkeblå bilstoffet  kjøpte eg då eg var i  New York for snart åtte år sidan hjå Purl Soho ........God modningstid :)








Måtte bare ta det ut i det fine vinterværet og fotografere ...nydeleg lys







Bakstykket er likt det andre krabbeteppet,  Debbie Mumms stoffet
Noas ark. Fann det i stofflageret mitt..... passa godt som bakstykke. Eg har alltid likt godt Debbie Mumm stoffa.


Eg rulla teppet saman og putta det inn i ein strekklaken-pose. Enklar å ta med seg då....enten dei skal på tur, besøk eller på babysang etc.


Klem
Bestemor/ lilladør

 

søndag 17. januar 2021

Krabbeteppe pluss pluss:)


Sydd eit krabbeteppe til  dei nye guttebarnebarna... starta på det i haust før dei var kommet til verden. Så kom jula og plutselig var det på høg tid gjere dei ferdige. Vart ferdig med det eine no i helga. Det andre er like om hjørnet. Sydd dei fra stofflageret. I dette teppe er det lin, libertystoff og det gode gamle bamsestoffet som eg sydd av når mine barn var små......
.

Kvadrata er skorne i 4 x 4 inch.
Lukkekanten sydde eg av linstoffrestane. Klarte akkurat å nå rundt....


Litt pynt og informasjon er viktig



Eg vatterte det med ullvatt, brukt dobbelt vatt slik det vart mjukt og varmt......kan være inspirert av kulden vi har no:)). Til bakstykke brukte eg Debbi MummS stoff Noas Ark i fin himmelblå farge. Eg var stor fan av Mums the word. Dette stoffet er virkelig fra stofflageret med lang modningstid. 


Bakstykkestoffet



Av resten av libertystoffet med små bilar laga eg to mapper/poser med glidelås til å ha ting og tang i. Eller/og leiker etterkvart.





Eit dagens tips.; 
Eg rulla krabbeteppe saman og putta det inn i tricotpose( slik som er rundt strekklakenen når ein kjøpe dei). praktisk og godt når ein tar med seg teppet når ein er ute eller/og på besøk,



 Tatt i bruk med ein gong......



Klem bestemor