Kan ein tenke seg finare blomar "no på våren". Sjå dei fargane og mønstra i dei. Vårfarger! (lyseblått, gult og grønt). Snopa desse til meg sjølv før helga. No nyt eg dei på kjøkkenbordet. Fann ut at dei passa best i dei enkle pottene uten løper på bordet, for å framheva blomane mest. :) Bare litt levande lys attåt.
Ein telyshaldar eg stadig kjem tilbake til. Den er laga av Edel Andreassen og eg kjøpte den for mange år sidan. To små blå fuglar sit på kanten av kjeramikkskåla.
Perleblom frå kjøkkenet mitt....
Sei det med blomar er det vist noko som heiter.