Eg laga til 4 materiallpakkar til litt romjulsaktiviteter:). Til oss jenter som feira jul/ romjul hjå oss.
Eg putta oppi bomullsgarn i brunt og kvitt pluss litt ekstra farger. Oppgåva er å hekle pepperkakehus. Som ein kan bruke til for eksempel tekanneunderlag elller gryteklut. Ideen fann eg på Drops design sin julekalender for 2013. Der hadde dei hekla gryteklutar.
Eg sydde kvar sin pose til å ha prosjektet i:)Her ferdig sydde klar til å fyllast. Her er det 3 poser (men eg laga fire)
Julebånd i frå Danmark. Som vart lukking og hank til posen.
Delt ut som forundringspakker ved julelunsjen på julafta.
Så langt er eg kommet. Håper på meir bilde etterkvart:)
Eg er litt usikker kven som er komen lengst.
Ha ei fin romjul videre.
Velkommen til ny følgere og takk for kommentarer . Det varmar.
Idag er det surt på Jæren. Då er det godt med jillt håndarbeid og fyr i ovnen. Og ein god kopp kaffi atått.
Her går det ellers i mariusgenserstrikking for fullt bare få dager igjen. Skal klare det.
Romjulsklem
Lilla dør