Viser innlegg med etiketten båtstrikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten båtstrikk. Vis alle innlegg

søndag 6. juli 2025

Strikka fender nr. 2


strikka denne til båten i 2017.... har vore brukt sidan. Eg planla ein fender til til båten då. Starta på prosjektet men klarte ikkje å bli ferdig før no i juni. Hadde bare blitt ståande på hytta
Se meir om fender eg strikka tidlegare , det tok bare 8 år før fender nummer to vart strikka ferdig :))




Då vi var på hytta sist fekk vi vaska og bona båten klar for sommaren. Gleder meg til turar med båten. 
 

Bilde fra 2017

 


Her er den eg stikka no, mønsteret blir til etter kvart


Nesten i mål


 Klar til bruk:)

Klem
lilla dør

torsdag 3. februar 2022

Erles kosegenser




Ferdig !!!
 Starta på dette prosjektet i sommar.  Slik går det nå ein har masse prosjekt på gang, alt tar tid. Gler meg til å bruke den. Mjuk, lun og god. litt vid modell, men men 


Borestranda


Eg starta og hadde dette som strikk/båtstrikk i sommer........






Detaljfra armlinningen


Strikka den i to rette og to vrange. strikka nedenfra og opp. På pinner nummer 3, 3,5. brukte ca 300 gram garn. Strikka den i Rauma sitt alpakka lin garn i beige 1315.



Veldig fornøgd med fargen, nesten som å se sanden på stranda :))) 



 

Klem
Lilla dør

lørdag 20. juli 2019

Fiskelykke :)


 Eg kjøpte ulike blå nyanser med finull til meg og ei vennene. Me var nokre dager på hytta deira. Tenkte det var kjekt med ei strikkeutfordring der vi kunne lage kvar vårt sitteunderlag som fisk.  Det var i grunnen artig men prosjekt vart nesten litt større enn eg fyrst trudde. Men her er mitt ferdig....  Har vore eit avslappende godt terrassenstrikk, sosialstrikk og båtstrikk. Kjekt med samstrikk.


 Eg brukte totalt 220 gram tråd. strikka på pinnar nr 7 og dobbelt garn.


Før og etter toving i vaskemaskina








 Innvia på bryggekanten i dag med ein kopp kaffi...sommerlykke



 Ulike bilder frå sjøkanten... likte godt fargane . 
Den blir nok med på fisketurer eller varmar i stolen på seine sommerkvelder.....


Klem 
lilla dør

fredag 11. august 2017

Båt og brygge strikk.


 Hadde to bunter med tjukt bomullsgarn eg hadde farga tidlegare i "indigogryte" hjå Ullrommet. Planen var strikke håndduk til hytta. perfekt båt/bryggestrikk men eg har i grunnen fått lite tid til det. Det vil seia at eg har har gjort mykje anna...... slik er vel ein perfekt sommer.



 Blir bra når det fyrst blir ferdig.... kanskje det kan verte bilstrikk på heimturen:)
Er komen litt lenger enn då tok dette bildet......men er langt ifrå ferdig.


Det er ikkje feil med slik sommerdager :)

Klem 
Lilla dør

mandag 28. juli 2014

"Flensburghals"


 Sjølv om eg hadde med meg mykje garn på ferien måtte eg jo kjøpe litt:). Dette garnet kom eg over i Tyskland i Flensburg. Eg vart i grunnen veldig imponert over alle dei flotte garnbutikkane dei hadde i Tyskland. Eg kjem gjerne tilbake til det. 


 Strikka på pinner nr 8 la opp 70 masker.  Ein rett og ein vrang. Brukte to nøster med garn.


 Lanagrossa eit tysk garn med mykje fin ullkvaliteter og farger.  Se bare på dette........sjå den fine fargemixen!


 Dette vart båtstrikk:).
 Eg var så heldig og fekk fleire jille båtturar. Mellom anna ut i øyane i Florø. Fint ver og lite sjø = strikk.


Alltid klart


her på havcruise

Dette må jo være det ein kallar Kari fargar


 Ferdig og klar til bruk, når hausten og vinteren kjem.


Klem
Lilla dør