Viser innlegg med etiketten maling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten maling. Vis alle innlegg

tirsdag 2. juni 2026

Fiskehandel


Sjå dei fine fiskane eg kjøpte sist helg hjå Skaperglede på salgsutstilling i Hommersåk.  Trur dei blir fine på sommarbordet på verdasjillaste hytte. Kanskje kjem det stemningsbilde derifrå i sommar.


 Klem
Lilla dør

mandag 16. januar 2023

Gjestesoverommet


Eg er veldig fornøyd med dette sengeteppet i lin fra Marimekko. Tok utgangspunkt i brunfargen i teppet og malte veggen bak senga. Det luna rommet og fornya gjesterommet. Ikke alltid det skal så mykje til..... fornøyd i allefall.




farge S4020-Y30R



Ein gamal engel eg laga for nokre år sidan....fekk plass på veggen,


 Klem
Lilla dør

søndag 2. august 2020

Vogge til dokka til eit av bestemorgulla


Det yngste barnebarnet vår blir 1 år idag. Har laga til vogge med sengklede til dokka hennar. Fekk kjøpt ei trekvit vogge som eg har malt i ein fin dus grågrønn farge.


Kjøpte vogga trekvit, malte den i fin grågrønne fargar..... veldig fornøgd med det. 



 Sydde blomstrete trekk på madrassa. 


 Sengesett følgde med vogga. Har laga ny innerdyne. Sengesettet er gamalt hardangerbroderi som har gjort nytten. Knallfin. La det i sterkt Omo vatn og det vart heilt snøkvitt.



Klem
Bestemor

søndag 1. mars 2020

Gjestebad


 Har pussa opp gjestebadet litt. Me heiv ut den gamle trekvite hylla og overskapet til vasken..... utrolig effekt.  I tillegg malte me panelet i taket kvitt. Skapet under vasken var  også trekvitt, den vart malt  grønn. (Jotun 8252 Green Harmony). Me fekk eit heilt nytt bad med små grep. Eg skulle jo ha hatt både før og etterbilde :))





 Nytt speil! Oppheng i skinn.
 Kjøpt saman med fletta skittentøykorg til halv pris på Kid. 


 Grønne planter gjere alltid susen ...trur eg :). Skaper ein lun og frisk stemning.


Godt jobba av gubben. Takk du er goè

Klem
Lilla dør

torsdag 30. mai 2019

Pappas gamle kommode



 Har pussa opp pappas gamle kommode. Pappa laga den då han gjekk på snikkarskulen for ca 80 år sidan. Han brukte den på hybelen sin. No har eg malt den i grønn dus farge. 

Fyrst var den vel  trefarga.  Den vart malt blå for mange år sidan.
 Her bli den vaska og gjort klar for ny farge. Eit av vårens mange prosjekt:)))



 Veldig fornøyd med fargen Jotun 8478 Pale Green





Måtte bare vise bilde av denne hylla onkelen min Arve laga til meg då eg var liten. Eg hadde den som pyntehylle på rommet mitt i oppveksten, no er den komen til heder og ære igjen. På gjesterommet me no har pussa opp. Eg synest det er eit kult design......


Klem
Lilladør

lørdag 2. april 2016

"Ny" stol på hytta


Eg har malt og pussa opp ein stol eg kjøpte på Gjenbruken:). Eg malte eg den i lys sjøturkis i samme fargeskala som hønene i stoffet på trekket..... bare litt lysare. Prøvde meg på omtrekking av setet og.  Med hjelp av gubben. Min far var sadelmaker så eg prøvde meg:) det vart nesten godkjent av broderen som driv litt på hobby basis med slikt........ 


slik var utgangspunket :)




 stoffet eg brukte er Gudrun Sjøden stoff.


 Eg sydde ei lita pute 35 x 35 cm av eit kjøkkenhåndkle i samme stoffserie. 






 




Ha ei fine helg...... snart vår!
 Merka det blir lite håndarbeid for tida. Er er vist ikkje kommet over påskedvalen ennå. Maling av den stolen og omtrekking av sete var årets kreative innslag i påskehelga. 

Klem 
Lilla dør

lørdag 20. februar 2016

Gult er kult



Veldig fornøyd med denne gulfargen. Har malt ei dør med den no.......


Litt maling i heimen for tiden.....dører pluss pluss pluss........har meir småplaner.
Blir aldri arbeidsledig når ein har hus og hage.



 Fyrste strøk er gjordt dette blir bra !!!!! gult er kult. 


 Det er noko med våren, me har behov for litt friske fargar. 




 Veldig fornøyd.....nokre dører er blitt kvite ei gul ;)).

Klem
Lilla dør

onsdag 8. juli 2015

Ikea-krakkar


 Har malt to krakkar frå Ikea i fin isblå farge...... har bruk samme farge på eit skap tidlegare. Veldig fornøyd med fargen. Desse to krakkane skal eg ha med meg til hytta. 


 I grunnen eit greit "utearbeid" under halvtaket på terrassen :)




 Eg har og så vidt vore innom syrommet desse siste dagane ......det gir inspirasjon og ny energi :). Så med manko på sol og fin utetemperatur blir det syromtid:)
Har sydd denne toalettveska/mappa i mjuk voksduk som låg på lageret mitt:). Det minkar stadig litt.....
Flott farge og dekor, passar godt attåt dei nymåla krakkane mine,


 Denne flotte toalettveska var eg så heldig få av go´e venninne.  



Ha ei fin veke fortsatt.  I kveld er det meldt storm og utrygt for regn på Jæren....fantastisk fint sommarver.  Glad eg har syrommet i kveld og.

Klem
Lilla dør