torsdag 14. juni 2018

Sommer i hagehytta


Litt blomar på plattingen utanfor hytta. Gult er kult. Her er gule margarittar.


 Det var ganske så fargerike og ulike puter i benken. Eg fekk plutselig behov for å dempe det:) og sydde fem nye putetrekk av ulike linrester som eg fann i stofflageret. Så det vart ton i ton.




 Gamal skuleplakat



Klem
Lilla dør

søndag 10. juni 2018

Gammal velbrukt dokke blir som ny

T

 Denne tøydokka er sikkert 25 år. truleg er det mamma som har laga ho. No som eg er blitt bestemor, fann eg ut at eg måtte finne fram gamle skattar :). Eg får sy nye klær og så er den klar til bruk for neste generasjon. Jillt å ha litt leiker på lur når dei kjem innom.



 Så eg fann ut at det var på plass med eit oppfriskingsbad........


Til tørk


Så er det bare å sy litt garderobe...

Har og funne fram dokkesenga mi som eg fekk då eg var nokre få år..... Eg kan legge ut bilde når eg har fått sydd nye sengklede.


Klem
Lilla dør

lørdag 2. juni 2018

Marimekkobrikker



Eg har sydd to kuverbrikker av marimekkostoffet som var igjen av etter eg hadde sydd to puter. 

se meir her
 om marimekkoputene etc.


Quilta dei med rette linjer.
Brikkene er store, ca 50 x 43 cm.



Kan også brukast som pyntebrikker og kuvertbrikker. Den eine har gul lukkekant og den andre lilla. Begge fargane passa perfekt.


Brukte dette muffinsstoffet som bakstykkestoff- det er nesten som eg kan bruke dei på begge sider.



Veldig glad i dette marimekkostoffet som er vårens nyhet hjå Marimekko. Riktig gladfarge og godt anvendeleg.

Klem
Lilla dør