Viser innlegg med etiketten sydd ferdig2025. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sydd ferdig2025. Vis alle innlegg

onsdag 17. desember 2025

Barneforkle


Hadde eit "kjøkkenstoff" liggande i lageret. Sydde to forkle til dei to eldste barnebarna.
.


Klar til bruk, reknar med å få smake av alt det gode dokke lager. Kjempeflinke!


 Klem
Lilla dør

mandag 8. desember 2025

Julelue i bomulljersy til dei minste prinsessene mine . Heim til jul



Fann dette kjekke stoffet på Selfmade. Kjøpte 50 cm, perfekt til tre luer pluss tre lue til dokkene. Kjekt når ein kan utnytte stoffa heilt.Var til dei tre minste jentene mine.
 

Heim til jul print på dei 


Eg liker sjy slik luer i all slags typer og farger, men kan til tider være vanskelig og treffe heilt størrelsen. Har kanskje for mange mønster. Godt eg har mange som kan få




 Klem
Lilla dør

mandag 24. november 2025

Julemanna


Julemanna har alltid vore mine favoritjulekaker, Så då eg såg den måtte eg bare prøve. Tegna og klipt eit par forsøk før eg var fornøgd. Fann eit perfekt stoff på stoff lageret mitt (alltid like kjekt) sydde litt jullemanna til meg gav bort noen. Fine til pynt no i desember og veldig kalorifattige og.
.




 Klem 
Lilla dør

onsdag 1. oktober 2025

Haustbrikker


Hadde eit flott Kaffe Fasset-stoff i stofflageret. Endeleg vart det to haustbrikker på kjøkkenbordet.
t

Fantastiske fargar. 


 Klem
Lilla dør

mandag 12. mai 2025

To herrebunadskjorter


Rogalandsbunad-skjorte montering gange to. Eg starta på desse to skjortene for mange år sidan, gjekk då på kurs, den eine vart nesten ferdig..... men no er dei begge ferdig og tatt i bruk. Stolt mamma til to guttar i bunad.  som eg sa til guttane mine om skjortene;  dei er sydde med kjærlighet men er ikke heilt perfekte. Gjort det beste eg fekk til der og då. 


Mykje arbeid, litt maskinsøm og litt håndsøm



 Klem
Mamma/lilla dør

torsdag 10. april 2025

I´m All Ears



Mønsteret er fra Sewnwyoming com. Lettsydde og kjekke. Sydde mine ganske fargerike.  


Fine til å ha påskesnop i





Det vart mange før eg klar slutte...... bare ein til :) 




i bruk 







 Klem
Lilla dør

tirsdag 8. april 2025

Strikkepose/mappe


Eg trong ei gåva til ei som fylte år.  Då er det godt med litt stofflager. Det passa perfekt med det sauestoffet. sydde mappa med glidelås.



 Den fall i god smak hos mottaker det er alltid like kjekt. Det har blitt nokre slike strikkeposer. Kjekke å sy, kjekke å gi og kjekke å få ( har eg fått tilbake melding på)


Klem 
Lilla dør

mandag 17. mars 2025

Silketrykk på stoffbit


Eg hadde fått eit stoffsttykke-remse på 30 cm brett med silketrykk fra dattera mi.  (Eg
har meir liggande med andre motiv.) Delte stoffstykket i to og sydde det saman til eit kvadrat.



Quilta motivstoffet, bordfilt og bakstykke saman. Slik:


Brukte ein grønn lukkekant



 


Vart vårens kjøkkenduk på spisebordet. duken vart 55 x 55 cm ferdig med lukke kant.


 Klem

Lilla dør

lørdag 1. februar 2025

Rustikk kanin til å ha ute.....


Sydde meg to slike kaniner etter inspirasjon fra Facebook, trur eg det var. Eg klypte mitt eige mønster og sydde den i grovt lerret. Etter eg hadde sydd og stappa den, malte eg den med utvanna brun hobbymaling  ( håper den tåler litt vatn). Det var ein ny tanke som kom no.... prøver iallfall å ha dei ute inn i mellom blomsterpottene mine når det vårast.
.

Dei vart nesten pæreforma :)




 Klem
Lilla dør

onsdag 22. januar 2025

Prosjektmapper


Restestoffet fra veska sydde eg til to prosjekt mapper. Liker godt slik mapper til dei ulike håndarbeidene mine.  Slik er det når eg har masse på gang :)))).


Etter stoffa var quilta la eg på vindaugeplast og sydde lukke kant rundt. 






Alt vart brukt...rester blir til pynt.  Fann eit glidelås med roser..... glei perfekt inn. :)))


 Bakstykke med lukkekant.


Klem Lilla dør