Viser innlegg med etiketten dørkrans. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dørkrans. Vis alle innlegg

onsdag 20. november 2024

Julekrans


 


Tradisjon vart beholdt i år og. I grunnen jillt :) Hytte tur i november der eg laga ein del kransar til meg og ungane får kvar sin. ( må pynte den sjølv)




Kos


Det vart sju kransar totalt. av ulike typer grønt. einer, furu og gran
 


Besøk fekk eg og







 Klem
Lilla dør

 

søndag 19. november 2023

Tradisjonen tro vart det kranselaging på hytta




Dei siste åra har eg hatt som tradisjon lage ein del grønne kransar til jul og vinterpynting. Fint å sitte ut eller i utebua og lage med tilgang på mykje grønt rundt ein.
.

Einerkrans er alltid  ein favoritt



Grankrans
 



Furukrans
 


 



Litt lunsj ute i haustsola er alltid godt.



 Klem
Lilla dør

tirsdag 15. november 2022

Det vart kransar i år og :)


Hadde nokre dager på hytta i november. Tradisjonen tro laga eg nokre grønne kranser.
 

Fin og godt arbeidsplass for slikt arbeid ,sjølv om det regna godt.





Litt usikker på kor mange men ikke få, delt ut til ungane og ellers fekk eg pynte både døra og terrassen heime. Kjekt med kranser. Ungane fekk pynte sine sjølv.



 


Klem
Lilla dør

onsdag 13. april 2022

Bjørkekranser


Me saga ned eit lite bjørketre medan vi rydda litt rundt hytta.... fekk brukt greine til lage nokre bjørkekranser. Kjekk uteaktivitet i sola. Fekk laga tre stykk.




Brukte den største ved døra. Sette opp i påskekyllingane eg strikka for nokre år sidan. 


Ei grein vart til eit lite hjerte på hytteveggen



Har planer med dei to siste kransane ... skal legge dei ut etter kvart. 


 klem
Lilla dør

mandag 12. oktober 2020

Tørka ormegras-krans


Ormegras-kransen vert bare finare og finare for kvar dag. Endå har eg ein stor gråpose full av tørka ormegras ......kan bli mykje kjekt av det.
 



Baksetet var full av diverse "skogsmateriale". pluss kransane mine.



No er kransane kome på plass utanfor ytterdøra mi.


 Klem
Lilla dør

fredag 2. oktober 2020

Ormegras


Er i grunnen fornøgd med kransen, fyrste forsøk. Blir nok fleire etter kvart.  Lærer etter kvart er det visst noko som heiter. Kransen blir nok med til Jæren.



Har haustferie denne veka.  Og vi valgte den einaste dagen det var nedbør til å stå ute og lage krans. Men temperaturen var god og eg hadde godt lag :) Hadde besøk av ei venninne den dagen.
 Først hausta vi inn masse blader slik at vi hadde nok til ti kransa ;) visste visst ikke heilt kva vi trengte.


Kvar vår krans. Min står på golvet.


Har ein ide om at at blada vik krølla seg når dei visnar og tørker. Tilslutt blir vel kransen heilt brun. Skal prøve å legge ut igjen bilde av den seinare. Så kan dokke få sjå.
.




 

Dette garnet vart plantefarga i vår ..... av ormegras. Fin frisk farge, rekna det hadde vorte mykje blassere   no.


Fått verkeleg sansen for ormegras denne veka og fått augene opp for kor fine haustfargar det er i det. Me har mykje av det i skogen ved hytta.


Klem
Lilla dør