Viser innlegg med etiketten Smykke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Smykke. Vis alle innlegg

lørdag 26. oktober 2013

Reste-hals:)


Av garnrestane etter fanagenseren, se her, har eg strikka ein hals. 


Tenkte det kunne varme ein student på ein sur haust- og/eller vinterdag.


Kan brukast både som hals og som hals/hette.


Strikka den på strikkemaskina. La opp ca 90 masker, maskespenning på ti og strikka ca 125cm, før eg hefta dei saman også på strikke maskina. 


Goé lørdagsettermiddag ..... eg har tenkt å strikke litt på strikkemaskina. Har byrja tenke på julepresanger

Klem
Lilla dør

søndag 14. april 2013

Strikka smykke:)


 Her om dagen var eg ein tur innom Idestova, strikkebutikken på Bryne. Alltid spennande å ta turen innom der. Ei som jobba der hadde strikka seg eit smykke. Ho hadde sett ideen på nettet. Eg måtte heim og prøve:)) sjølvsagt.    Igrunn ein liten gimikk.


 Eg strikka det av ei dokke med broderigarn i silke. I tillegg hadde eg liggande ein blomst i stål.
Rillestrikk.


Klem
Lilla dør