Viser innlegg med etiketten Maskinbroderi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Maskinbroderi. Vis alle innlegg

søndag 2. februar 2025

Duppeditter


Valgte å ha alt i ein farge....... lilla 


Her held eg på å brodere motivet på linstoff.



Eg kjøpte maskinbroderi hjå Unni maskinbrodering som har stingsatt og designa motivet. Eg har brodert det med Bernina 790en min


Baksida på mappa. Mappa er kjekk å ha strikkeduppeditter i.


 Klem
Lilla dør

onsdag 12. juni 2024

Smily koppebrikker


Såg på Unni`s maskinbrodering at ho solgte filer til desse koppebrikene. Passa godt no når eg holder på å øve og trene på meir tekst og broderi på dataen og symaskina. Øving gjere meister....kanskje.



Artige smily , blir i godt humør når eg drikke kaffi saman med desse :)))


Kan nok brukast til diverse ting..... som pynt på t skjorte? på penalet? toalettveska?



Klem
Lilla dør
 

 

tirsdag 30. april 2024

Symaskin broderi etter gamalt, kunnskap må hentast fram igjen :)


Eit gamalt design program til sy maskina hentast fram igjen med kjempe god hjelp fra ei venninne. Mange år sidan eg brukte denne delen av symaskina min. No har eg litt meir tid og vil prøve utforske det litt....så får vi sjå kva det blir til
 


I gang iallfall



Finnes mykje fint på nettet ein kan kjøpe og laste ned.  Bare det var ein kunnskap å tilegne seg :)
 



 Moro iallfall. Har lyst å lære meir om tekstbrodering.

Klem
Lilla dør

mandag 29. januar 2018

Gjere noko eg ikkje kan, men vil lære:)



Øving gjer vel meister. Eg har som nyttårsynskje i år at eg skal settte meg inn i dataprogrammet Bernina V8 til symaskina mi.
Så får eg sjå kor langt eg kjem.....eg er visst litt utålmodig av og til når det gjelder data .....seier dei som kjenne meg godt, uten og nemne namn.)))

Har planer og stingsette dette bildet...prøve i allefall.


Har forsatt håp om  at eg skal klare å brodere og stingsette.
Har iallefall hatt ei fin helg på syrommet i helga som var. 

Klem
Lilla dør



onsdag 25. mai 2016

Kurshelg hjå Merete.

Dette kurset var eg så heldig at eg fekk med meg. 


Vedlikehold av symaskinene er viktig . Denne helga var det både teori og praktisk oppgåver. Har tatt bilde  av noko, som eg kan dele med dokke.


I arbeid forsatt  litt igjen.....igrunnen fasinerande å sitje og studere dette medan symaskina syr:)


Sydd i skai. 


Klar til bruk. Flaskeholder.


Coaster eller bordskåner på gang. 
Desse er June frå Bernina sin design, men vi lærte og fekk designe kvar vår på kurset...... mykje lærdom, så no er det å setje det ut i livet......


Maskinbroderi med strikkegarn



Sydde to samtidig, in the hoop teknikk
der ein syr det på vannløyseleg stoff.


Undersida


Etter ei fantastisk flott og lærerik helg satte eg nasen mot Jæren igjen søndag ettermiddag. Ca 7 timer med syarbeid og strikk på toget.


Klem
Lilla dør

mandag 27. april 2015

Utforsking av data- og broderienheten på symaskina mi


 Har gjort det før.......men eg måtte grave litt i dei grå før det kom:) leeeenge sidan eg prøvde meg på broderidelen på symaskina mi. Og eg har så mykje å lære...... Må nok på youtube og sjå.  Men eg var fornøgd med at eg tok tida og gjorde det igjen i kveld....kjempe jillt og interessant. Har planar og lyst å skrive litt tekster på det eg syr.


 Men eg fekk no sendt det frå dataen til symaskina. YES!!!!


 Maskina broderer ut motivet. Skal bruke det på ei pute er planen.






Greit å sitte og få kurs på nettet med meir kunnskap korleis eg kan lage tekst og motiv sjølv medan maskina broderer :) Liker det:)


Broderte ut to motiv med teksten "Life is beautiful". Eitt i lilla og eitt kvitt.  Sjølve teksten tok det 26 min å brodere.

Hjarteleg takk for alle kommentarar i sist innlegg. Det varmar!

God natt! 
Klem
Lilla dør

mandag 28. januar 2013

Life is beautiful


 Litt meir maskinbroderi. Eg har laga meg ei pute med teksten Life is beautiful. Broderete det ved hjelp av jumboramma som kan brodere 260x400mm . 


 Puta er i lin og broderiet i grått. Eg sydde puta med glidelåsopning bak.



Klem
 Lilla dør