Viser innlegg med etiketten hekla ferdig 2020. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hekla ferdig 2020. Vis alle innlegg

torsdag 31. desember 2020

Julekuler som bordskånere


Har hekla nokre julekuler som eg har tenkt å bruke som bordskånere, Hadde starta på dei tidlegare i haust men dei hadde havna i ufo korga.....men no klarte eg å gjere dei ferdige.


Hekla dei av noko glitter tråd eg hadde liggande.Kjøpt i London i si tid trur eg:) Anchor Artiste metallic 25 gram nøste. Til desse julekulene brukte eg 50 gram av det rød.  Brukte heklenål nr. 2,5


Hengane på hytteveggen, klar til bruk som bordskåner under kaffi koppen eller som bordpynt.



eller som gåver......


 Eg fekk ideen på jobb av ein kollega. Dei var kjekke og hurtige å hekle. Fint restegarnprosjekt. Nok ein fordel med litt stiv hekletråd.








 Dette var siste prosjekt som vart ferdig i 2020....gler meg til nye prosjekt og håndarbeid i 2021. Har allerede masse på gang.....det er vel meg i eit nøtteskall :)))


Klem
Lilla dør

onsdag 15. april 2020

Hekla gul korg


 Hadde litt gul hampetråd som eg kjøpte i Tyskland for ei tid tilbake.... 


Såg oppskrift/bilde på nettet. Husker ikke kor . Ei stund sidan eg starta på prosjektet...... men no er den iallfall ferdig. Kjekt når ting blir ferdig. Har hatt eit mål denne våren å gjere ferdig litt av alle ufoene mine.


 Blitt til potteskjuler inntil vidare





Fin struktur.... 

Klem
Lilla dør

fredag 7. februar 2020

Hekla teppe i Norogarn



Klar til bruk.... sjå dei fantastisk fine fargane 



Silkegarn eg fann i garnlageret mitt...tenkte det kunne passes perfekt til kant rundt teppet...


 Vart mange runder rundt teppet.... det måler 170 x 170 cm ferdig. Hekla etter oldemorsrute-prinsippet, rundt og rundt.


 Silke og ullgarn: det er det eg har brukt for det meste i teppet. Godt eg har fått det på tilbud :)))


 Fantastisk fint garn og i tillegg dei fantastisk fine fargane... eg digger det som ungdommane seier :). I tillegg passa det perfekt inn i stova mi til fargane eg har der. Mellom anna til teppet og putene eg har sydd i Designers Guild stoff.




Men teppet har tatt tid...gjordt mykje innimellom. Kanskje nærmare tre år, slik er det når ein har masse ting på gang :))) eg lærer vist aldri. Men dette er ein del av "2020 gjereferdigprosjektene" mine. Gjere ferdig påbegynte arbeid og tillegg drive med garnslanking. ( prøver iallfall).

Klem
Lilla dør

God helg her er det godstolen og strikk. Heilt ok liv det ein fredagskveld.