Viser innlegg med etiketten toalettveske. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten toalettveske. Vis alle innlegg

tirsdag 24. juni 2025

Toalettvesker


Eg sydd 4 toalettvesker til fire av barnebarna no til dei skulle på ferie.
 




quilta med symaskin og fora med bomullsstoff


Ulike var dei.  Fekk velge kva dei hadde lyst på . Raske å sy og raske å gi bort. Sygleder



 Klem
bestemor

tirsdag 9. april 2024

Toalettvesker til barnbarna


Har sydd ulike toalettvesker til barnebarna. Ulike både i modell og stoff. Men alle med glidelås og med voksdukstoff inni slik dei tåler litt søl.
 

Lin stoff




Til gutta boys





 


Klem
Bestemor

onsdag 22. mars 2017

Sjokoladeposemapper :)


 Eg har leika meg litt med symaskina. Hadde ulike snopeposer.... og masse gamle gliderlåser.  Sydde glidelåser i posane og sette fôr i dei. Plutselig vart det fine små mapper til ulike småting til ha med seg. Artige å sy. Gubben meinte det var fin kombi eg fekk posane og han sjokoladen:)


 Kanskje kan dette bli ei nye fine toalettmappe til ein av studentane. Kan ha tannkost og tannkrem i den på hytteturen i påska.:)


 Foreløpig er det blitt 5 stykk....blir gjerne fleire.....







 Kanskje kan det bli ei liten portemone .....til ha snopepengane i :))))


Klar til utdeling og bruk!


Klem
Lilla dør

søndag 2. mars 2014

8 nye mugruger av eit marimekkohåndkle



Eg falt for desse freshe oransje pærene til Marimekko og sydde mugruger av dei. Det friskar godt opp på kjøkkenbordet enten det no er frokost eller ettermiddagskaffi.




  


  Kanta dei med friske stoff frå restekassa. 



Jippi det er vår, og då er det ekstra jillt å pynte med friske farger.

Velkommen til ny følgarar og takk for kommentarar, det varmar og gir inspirasjon.

Klem
lilla dør

søndag 27. januar 2013

Syhelg :)


 Som sagt har eg hatt ei roleg og jille helg. Få vert mykje på syrommet. Mellom anna sydd ei lita toalettveske/sminkeveske . 


 Har leika meg og lært litt meir om og med broderienheten på symaskina mi. Det trengs....ennå er  det den som har kontroll og eg prøve henge med:))). Kjempe jillt og timane flyge. 


 Her fekk eg teksten til å igjenta og igjenta seg. Artig effekt.


 Ferdige produktet klar til bruk.





Har sydd ein del meir i løpet av helga. Det kjem meir etterkvart.
Det skal fotograferast og bloggast.

Klem 
Lilla dør

søndag 5. juni 2011

Forsatt i det romantiske hjørnet!!!!!

Det må vere sommeren som inspirer meg til å strikke i bomulsgarn og i tillegg til å være i det romantiske hjørnet! Toalettveska er strikka på strikkemaskina med hullkort og i to fargar bomullsgarn frå systrene Grene. For vera heilt ærleg vart den til etter eg hadde strikka eit håndkle men syntest det var for smalt til det, men passa perfekt til å sy toalettveske av. I tillegg har eg hekla roser som dekor og sydd mjuk voksduk som fór i veska.  

 Strikka håndkle og kluter i tillegg.



 
 Desse klutane er strikka for hand i ulike mønster.


søndag 29. mai 2011

Toalettveske


 Toalettveske i lin med gammal hekla brikke som dekor. 

Detalj av heklet som er i tynt  tynt garn. Heklet har eg funne på Gjenbruken på Kleppe.