Viser innlegg med etiketten engelskbroderi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten engelskbroderi. Vis alle innlegg

søndag 21. februar 2021

Eit av mine bestemorgull vart døypt i helga


Har hatt gleden av å ta fram igjen dåpskjolen i familien. Oldemora til dåpsbarnet sydde den til eg fekk mine barn .... no er det neste generasjon som bruker den. Me skriv/broderer namn og årstall på kjolen etterkvart som den blir brukt.  Dette var den 7 som vart døpt i den.


Se kor fin den heng her klar til bruk, nyvaska og strøken 


Kjolen er brodert i engelskbroderi på bomullstoff.



 Blir oppbevart i denne tøypose


Eg sydd ein bomullstrekk til ha utpå kjolen når me skulle ha den med i bilen til kyrkja, nystrøken. Det fungert godt. Laga eit hol oppe til ta kleshenger gjennom. Det var dagens tips :)))


Klem Lilla dør

søndag 10. november 2019

Dåpskjole til dokka til barnebarnet mitt :)



Eg sydde dåpskjole til barnebarnet si dokke/baby etter innfallsmetoden. Det vil sei at eg hadde eit babybornmønster på bærestykket og armane.  Eg sydde det fyrst så klipte stakken av resten. Eg sydde den av ein kortarma bluse eg har hatt. Hadde ein del blonderester som kom til sin rett på kjolen.  Etter ein runde med omovatn då det var gamle blonder eg brukte.




 Detalj fra bærestykket. Eg knytte ei stor silkesløyfe som eg sydd framme på kjolen då det var lettare for dukkemora og kle på då.




 Her henger både kjolen til dåpsbarnet Rut og dokka sin dåpskjole klar til bruk. Me hadde barnedåp sist helg.

 Oldemor Ruth broderte dåpsbarnet sin kjole i engelsk broderi då barnefaren vart døypt for ca tredve år sidan.




Her er dokkekjolen vel i bruk av dukkemora på 2 år. Klar for systra si sin dåpsdag.

Klem
Bestemor

søndag 14. januar 2018

Dåpskjolen er klar



Neste søndag skal barnebarnet mitt døypst. Så denne helga har eg tatt fram kjolen oldemor til dåpsbarnet sydde til sitt fyrste barnebarn for 30 år sidan:). Hjelp!!!!! kor blir tida av?


 Til og med egen pose/konvolutt til oppbevaring av kjolen sydde ho. Knallfint arbeid. Ho har all grunn til og være stolt. Det er iallefall eg. Sjølv om kjolen var litt gul då eg tok han  fram etter 22 år, vart den kvit og fin etter eit Omo-vask :)))


 Her er underkjolen til dåpskjolen


Nystroken


 rundt kanten nede ser den slik ut........ mykje arbeid ligg bak


 kjolen er brodert i engelsk broderi.... hennar eige design


Namnet på dei barna som er døypte i kjolen er brodert inn... barnebarnet mitt blir den femte som blir døypet i kjolen så langt.
No gler me oss til neste søndag...stor stas når oldemor er til stades og få sjå oldebarnet sitt i kjolen.

Stor klem
Lilla dør


søndag 14. februar 2016

Valentinsdag :)


 Sei det med roser er det visst noko som heiter..... 


 Det vart litt baking i helga. Gul kremkake som me kaller det her i huset..... Mange av dei håpefulle var innom i helga og då er det ekstra jillt å bake:)


 Ide frå facebook,  hjertekanelsnurrar... dei falt iallefall i smak. Artige å bake og.


 Eg fann ein link til oppskrift på hekla hjarte til å ha under koppen som bordskånarar på bloggen Vårli idag. Måtte bare prøve den... vart fort eit hjarte og er igang med nummer to. Fint til å bruke opp smårestegarn ;).



Ha goè veke...... 
Vinterferie for mange. 

Tusen takk for goé tilbakemeldinger og kommentar på bloggen. Alltid  like jillt det.

Klem
Lilla dør

lørdag 18. april 2015

Terrassedag :)


 Nydelig dag på Jæren i dag. Litt vind men fekk du ly for den var det fantastisk... me brukt dagen til være i hagen. Det meste av tida gjekk vask og rydde seg inn igjen på terrassen.
Og plenen er klipt og gjødsla :)



 Lunsj ute er jo ikkje feil. Viktig med mange og gode pauser.


 Fram med gamalt pynt.... og så solgte dei krysantimum blomster til 10 kr stykk igår på Handelslaget. Difor litt gult miljø hjå oss idag :) Ein tidligare nabo dreide den bikuba til meg... kjempe glad i den. Jillt med slikt pynt ein kan ta fram år etter år. Den blir i grunnen bare finare og finare.



 Putene kom fram etterkvart...iallfall nokre få slik at eg får kvilt middag der. 


 Tusenfryd er bare fantastisk...nydelige fargar spør du meg.



 Rabarbrafatet eg støypte sist sommar er blitt blomsterfat på eplekassen. Fint bord til stolane


Klar til i morgon, satsar på fint ver... slik at vi kan nyte kaffien ute etter frokost..... det liker eg

Klem
lilla dør

tirsdag 1. oktober 2013

Kupp igjen :)


 Her i helga var eg utruleg heldig og fekk mange flotte perler i form av broderi, hekling og gamle putevar mellom anna.
Tusen takk til giveren. Eg skal prøve å ta godt vare på det. Noko vil eg ha som det er, andre ting vil eg nok sy om litt og eller bruke til andre ting enn tenkt då det vart laga for mange år sidan.



 Hardangerbroderi på putetrekk



 Litt hekle tråd var det og.....kanskje eg kan bruke den når eg quilter for hånd og vil ha eit litt røft uttrykk.


Tusen takk for at eg var så heldig få desse skattane.


 Kaffistunder på terrassen har det blitt mange av dei siste dagane .....fantastisk når me no er komne over i oktober. Kan verkeleg anbefale eplemuffinsane som eg hadde link til her

Tusen takk for alle kommentar til sist innlegg. Det varma.

Klem
Lilla dør



tirsdag 24. september 2013

Kupp igjen:)




 På veg heim frå jobb i slutten av sist veke kom eg over nokre skatter. Engelsk broderi, nuperellebrikke og ei hekla brikke i "sytråd".


 Denne posen er i engelskbroderi. Kjempe fint arbeid på den. Her ligge det mange timers arbeid og flid. Heil og fin var den i kraftig lin/bomullsstoff.


Eg tenkte eg kunne oppbevare små hekla servietter og brikker i den:).
Den er igrunn så fin den skulle lege framme til pynt.

Klem 
Lilladør