Kjekt å kunne finne inspirasjon til å ta seg litt tid med symaskina.....har mange lyster så får vi sjå kva det blir til:). Eg sydde desse mappene her i veka..... heime åleine kveld.
Mappene i ullfilt med haustblad. Valgte å ha lilla glidelåser.
Eige mønster og idé.
Så sydde eg ei firkanta mappe/bag til å ha ulikt babyutstyr i som til dømes ekstra bleier +++
Kjem nok til å sy fleire av denne typen i andre størrelsar.
Takk for inspirasjon til ei kollega som gav meg link til mønsteret og til og med stoffet fekk eg. Tusen takk!!!!
mønsteret fann eg på Youtube, søkte på Melanie Ham.
Klar til å gjevast bort..... som sagt venter eg på å bli bestemor........
Klem
Lilla dør