Viser innlegg med etiketten dokke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dokke. Vis alle innlegg

tirsdag 5. desember 2023

Strikka kjole til ei lita dokke


Liten strikka kjole til ei lita dokke til eit av dei små prinsessene mine...... kjolen er strikka etter innfallsmetoden, blir til underveis.



Passa perfekt



 Prinsessa fekk den saman med det andre eg hadde strikka til 1 års dagen. 

Klem
lilla dør
( les bestemor)

onsdag 15. februar 2023

Klubbkveld


Felles strikkeprosjekt i Løsmaskene på mandag. Me fekk beskjed om å ha med to strikkepinnar nr 3 eller 3,5. Så strikka me kvar vår dokke løpet av kvelden. Veldig kjekt Ingeborg. Håper eg får strikka fleire av dei.
 

Her er gjengen :) Ingeborg har tre av dei, då ho hadde laga eit par før me kom. Perfekt restegarnprosjekt. Det er ikke mange meter/gram pr dokke.



Her er mi



Foreløpig har ho flytta inn på bordet i stua i ein telysholder.


 klem
Lilla dør

torsdag 22. desember 2022

Juleantrekk til asi dokkene



Strikka selefinskjørt og småflettenisseluer til asi dokkene. Viktig at dokkene også har juleantrekket klart. :) Mønsteret eg brukte var dukkegull4 til scandiknit/strikketuppa


Skjørtet var remser med tyllstoff.


Her har begge dokkene fått antrekket på. 


Samme men litt ulike så jentene kan skille dei.



Festa på kvar sin pels dusk. Det gjorde susen på lua.



Klem
Lilla dør
 

fredag 2. desember 2022

Gamle skatter til heder og ære igjen


Denne dukka hadde prinsessene mine då dei var små. Mamma laga dei. No når ei av dei fekk ei jente vaska eg den: se så fin den er. Her er den lagt i vogga til den nye vesle prinsessa vår.


Den store dokka heiter Thea den sitte på syrommet ferdig badet klar til å få ny kjole......



 Klar til bruk...gleder eit mammahjerte

Klem
Bestemor

fredag 9. april 2021

Strikka garderobe til tinytilli dukkene mine



Eg kjøpte med eit oppskriftshefte fra Nøtteliten på strikka garderobe til dukkene. Eg hadde 4 nøster med bomullsgarn som passa i pinnestrørrelse til oppskrifta. Eg strikka opp dei.... siste rest brukte eg til å strikke eit teppe til dei.


Fekk sydd ei dukke til.... kjekt å bruke opp restane og...... totalt laga 4 stykk no. Blir truleg fleire :) 



Heile gjengen samla...klare for bestemorgulla


"show and tell" 
på dei ulike plaga....... kanskje kan eg prøve meg å sy litt seinare. Nett no har eg fått kledd opp  alle dukkene i bomullstrikk og litt ull. 






Enkle plagg til å mikse klær på dei ulike dokkene.


Desse stikka eg i ull, resten var bomullsgarn




 Klem
Lilla dør

torsdag 8. april 2021

Sydd nokre Tinytillie dukker


Kjøpte oppskrift på nett her for ei tid tilbake ( i haust trur eg). Kjøpte dei hjå Nøtteliten. Endelig har eg fått sydd tre stykk. Eg sydde dei i same farge og i lin/bomullsstoff. Godt fornøgd med det. Ser orginalen er i ulike pastellfarger, 


Kjekt lite avslappende prosjekt... Fort gjordt når ein fyrst sette seg ned ved symaskina. Eg sydde mine på hytta. No har eg bare igjen å strikke kler til dei... plutselig blir dei ferdig og......Ein kunne kjøpe med oppskrift hefte til kler og. 



Ventar bare på kler....




 Klem
Lilla dør

onsdag 4. november 2020

Titt hei dokke :)



Nå er denne Titt hei dokka som eg kaller ho:) tatt i bruk av neste generasjon. Ei av mine jenter hadde fått desse av mamma. Ho laga dei på den tida mine barn var små  mellom 20 og 30 år sidan. No er dei komne til heder og ære igjen.... no er det mine barnebarn og hennes oldebarn som har glede av dei. Kjekt med slikt som går i arv.



Se så fine den er.... flott og nøyaktig arbeid.  Eg laga og slike men er usikker kor den er blitt av.......... Godt mamma hadde tatt vare på si..... 



Klem
Lilla dør
 


 

mandag 2. november 2020

Telt til dokkene


Nå har eg sydd eit telt til dokkene (les baby liten) til ei av prinsessene mine. Den eldste av dei fylte 3 år og liker godt å reise på telttur sjølv, så då må jo dokka også få reise på telttur i hagen eller på teppet i stova :) synest bestemor


Eg vrengsydde heile slik at det vart meir solid. Eg brukte mønsteret til Merete syr. Til teltstenger har eg brukt fiberstenger fra Stoff og stil.



Teltopningen


Soveposen og ryggsekken var og med i mønsterpakken fra Merete syr.  Til liggeunderlag brukte eg sitteunderlag kjøpt på sportbutikken som eg delte på langs.


Klar for tur


Eg valgte å sy for i soveposen og eg sydde soveposetrekk til den.



Ryggsekken har gummistrikk til seler slik at den er lett å ta av og på dokka


 Klem
Bestemor/lilla dør