Viser innlegg med etiketten ugle. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ugle. Vis alle innlegg

fredag 23. april 2021

Materialpakke-salg ....rydder litt i tølene mine


Ugle i retro ullstoff. Passar godt både ute, i utestova eller inne. Eget design. størrelse ca 35 x 24 cm.
 

Materialpakkane innheld mønster, stoff og knapper til auge og nebb. Må ha stappevatt og fyllmasse/sand utenom. Sydd på symaskin.  lett å sy.


Restlager :) 3 materialpakkar. Kostar kr175,- pr pakke.



Klem
Lilla dør


 

tirsdag 28. januar 2014

2 meter uglestoff


 Tidleg i haust kjøpte eg meg to meter med uglestoff på Stoff og Stil. Eg falt pladask for stoffet men hadde ingen planer for korleis eg skulle bruke det.  Eg veit ikkje om eg betalte 100 kr for det heile. No har eg leika meg med desse metarane. 

Det fyrste eg sydde var eit putetrekk til ei 80x80 pute. Den har eg allerede gitt bort. Til stor gled for mottakaren:) fekk eg melding om. 



 Her frihåndsquiltar eg nokre mug ruggar.


 Sydde to store handlenett.
Pynta dei litt med bånd.


 Tok dei ut og fotograferte dei og fekk fram den heilt rett fargen.


 Fekk og nok stoff til to mug rug på 8x5,5 inch. og ein litt større på 8x8 inch til ha tekanna på
Dette settet blir nok ei gåve og. Det er noen som liker ugler meir enn andre.



Takk til dokke som ser innom.
Takk for  inspirasjon til meg ved at du legg igjen ein kommentar eller to. 

Ha forsatt ei goé veke
Klem
Lilla dør

lørdag 4. mai 2013

Lørdag føremiddag



 Jillt med dager med langsom start.....trenge det. Iallefall eg.
Kan gjere det ein blir inspirert til og ikkje minst har lyst til. Kvardagene er full av plikter og program. Jillt det og men treng slike roleg dager og.
Eg kjøpte meg nytt blad i veka. Lest det mange gonger allerede og det kan anbefalast:)
Der stod det mange gode oppskrifter. I dag har eg testa ut ei av dei.



Fullkornsbollar..... som oppskrifta lova vart det vellykka.
Bare spør lunsjgjestene mine:)


Så  har eg vore hjå Anny i garnbutikken min på Bryne og snopa igjen. Eg har mellom anna starta på genser som skal bli ei gåve. 



 På impuls fekk kjøpt med meg oppskrifta på denne ugla :) Eg falt heilt pladask for den. Så det har blitt helgas prosjekt inni mellom.
 Mønsteret står i heftet Dreamline til Du Store Alpakka.



 Er allerede byrja på bakstykket.


Forsatt goé lørdag.

Takk til alle dokke som er innom bloggen og legge igjen ein kommentar, dei varmar kvar og ein av dei.

Klem 
Lilla dør

onsdag 2. januar 2013

Uglepulsvarmarar


Har strikka meg nye pulsvarmarar til nyttår:) Jamen ferdig i goé tid og. Har strikka dei i ekstra soft merino opera med glitter. Eg har brukt mønster til Sandnes garn design Lene Holme Samsøe.



Fantastisk flott garn, eg liker godt både fargen og kvaliteten.


Det blir nok fleire av dei i andre garnkvalitetar og fargar. 

Klem Lilla dør

fredag 28. desember 2012

Romjul


Romjul late dager med mykje innhald:) Tur på stranda friska godt opp.



Tenk å ha slikt fint turområde rett utforbi stova


Kubbespel mellom sanddynene. To familiar møtest til "kamp". Dessverre tapt min familie, men moro var det:)


Feistein i sikte



Kafebesøk høyrer til,  eg har vore på fleire allerede




Strikk og kaffi  er go´e kombi.  Her går det i pulsvarmarar i ekstra soft merino opera med litt glitter. Truleg ferdig til nyttår. Eit av garna som eg snopa i London på Liberty.


Endå meir kafe besøk:


Ha forsatt ei fin romjul!
Klem 
Lilla dør


søndag 23. desember 2012

Førjulskveld


Fredag hadde med ope hus med førjulsfest med venner. Gubben stod for maten ....



Pepperkaker som elg og stjerne. 



På desse kveldane pleier me å ha ein kreativ aktivitet. Eg hadde laga mønster til glass mansjetter. Så no ligge alt til rett for vinterpicknik, med varm sjokolade eller julete eller kaffi:) Mansjettane held drikka varm og gjer det bedre å halde glass med varm drikke i. Eg gler med til å ta i bruk mine glas....


 Her er dei to modellane. Teksten har eg printa ut på stoff for å sy på etter på:)





Garnrester klar til bruk


Glass med mønster og oppskrifter på goé varme drikker


Mamma sin


Tone sitt og Anny sitt


Tone sin.
 Dei andre som laga fekk ikkje tatt bilde av.


 Bord pynt med kvite roser, einer og kongler.... Marimekko brikke. Eigentleg ein kjøkkenhåndduk men gjer nytta som duk:) og i tillegg er det same mønster som duken min.


Ynskjer dokke alle ei Goé Jul!
Klem
Lilla dør