Eg har strikka genser til eldstemann. Han ønskte seg ein lett og varm genser til turbruk. Fargen er sjøgrønnblå og minner meg om brevatn. Veldig fin spør du meg. Genseren er strikka i Punogarn som er veldig lett. Alpakkagarnet er varmt og har i tillegg mange gode eigenskapar. Eg brukte mønsteret til Skappelgenseren/kjærestegenser, det same som eg brukte til genseren til gubben Sjå her
Merkalappen inni genseren med "strikka av mamma" er viktig:)
Har strikka langt bråt på armane slik at ein kan dra det fram nesten som fingervottar.
Dette har vore eit av fleire sommarstrikk i år. Perfekt bilstrikk.
No er genseren kommen til Bergen og er klar til bruk. Håper og trur mottakeren er godt fornøgd. Genseren er strikka med omtanke og glede.
Mamma klem