Viser innlegg med etiketten strikkferdig2021. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten strikkferdig2021. Vis alle innlegg

torsdag 23. desember 2021

Den lille larven Aldrimett


Lille larven Aldrimett sokkar. Eg vart igjen inspirert på instagram til å strikke desse sokkane til dei tre minste barnebarna mine til jul. Strikka dei tidlegare i haust men måtte holde det litt hemmelig sidan det var ei julegave.
.

Stikka dei i Hillesvågsgarn - det grønne garnet (2 tråds) og alpakka garnrest - det røde. Så dei er sikkert varme og go-e . Strikka dei fra tåa og opp.  Sidan det er sydd på knappar til auge er dei nok mest egna til tøflar 



Litt "antigli" under sokken, har lite erfaring med det, håper det virkar.......


 Håper dei fell i smak...iallefall jille å strikke. Eg liker i grunnen slike små prosjekt.

Klem
Lilla dør

mandag 26. juli 2021

Svaneungen x 4


 Eg falt slik for desse fine svaneungane til Aftenstrikk/Rauma garn.  Strikka  den fyrste  i børsta alpakka og pt2.  Den vart veldig populær hjå barnebarna mine. Så no har eg strikka ein til kvar. Jentene i litt mjukt og litt loddent garn medan til dei små guttene i meir barnevennleg garn sidan alt skal inn i munnen ennå. Så dei vart strikka i baby merino.




Jentene sine....strikka i "luddengarn ". 















Hadde strikka svanungane før eg kom opp på hytta men eg monterte dei her. <strikka alle føttene etc..... vart nesten samlebånd arbeid.


Klem
Bestemor/lilla dør


mandag 1. mars 2021

Holiday slipover


Fekk gleden av strikka den til ei av mine håpefulle. Vesten er Petitknit design. Strikka på pinner nummer 10. Strikka i Tynn Silk Mohair og Easy Sandnesgarn. Easy garnet fra garnlageret vårt :) I ein bleik rosa farge.....pudderrosa 


Kjekk og hurtig å strikke. Fekk lært meg italiensk avlukking på ribben. I starten brukte eg Youtube for få det til men etterkvart satt det i fingrane. Kjekt å lære nye teknikkar. Her var det heile fem ribb å felle av.




 Vaska og klar til å bli henta.... den passa perfekt og både mottakeren og strikker var veldig fornøyd :))










Her ser dokke den italienske avfellinga, elastisk og fin avslutning på vesten.





Klem
mamma