Viser innlegg med etiketten lilladørdesign. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lilladørdesign. Vis alle innlegg

torsdag 19. februar 2026

Ny bloggbok til lilla dør


Har blogg sidan 2010 med fokus på det kreative eg drive på med og saman med barn og ikkje minst mine barnebarn. Heldige meg har fått 9 stykker no.
 


 Klem
Lilla dør

torsdag 18. januar 2024

Snømenn



Kjekt med tid og inspirasjon til være på syrommet.  No når eg holdt på rydd kom eg mellom anna over desse tre sydd snømennene:




Her er dei stappa med ull og litt vatt. Klar for å bli sydd igjen og lage personlighet. 




Dagens produksjon. siden det vinter på jæren passa det veldig godt med å ta bilde ute i snøen.






Eg har nokre material pakka liggande vist og mønster vist noko ynskjer kjøpe . Ellers er desse tre snømennene også til salgs




 

Klem
Lilla dør


onsdag 9. mars 2022

Bok nr 13 til Lilla dør


Eg starta å blogge i slutten av 2010. pr idag har eg totalt 670080 sidevisninger.  Har samla blogginnlegga årleg i ei bok, eit år vart det to bøker på grunn av mengden. Veldig kjekt å sjå tilbake i og ha å bla i ......
.



Vore heldig å få samme layout på dei..... bestiller dei frå USA.


 Klem 
Lilla dør

fredag 18. januar 2019

Vottar og luer til snømennene


 Eg hadde litt restegarn i fin blåturkis farge, akkurat nok til to par votter og ei lue med dusk til snømennene eg nett hadde sydd. Blir nok fleire slike....... ikkje verst å kunne strikke fleire par votter på ein kveld:)))


 Oppskrifta på vottane:
-------------------------------
La opp 12 masker på pinne nummer tre.
2 omganger med rille før eg strikka rundt på tre pinner.
Strikka 8 omganger før eg sette av to masker til tommel. Strikka så 6 omg. før eg starta å felle av slik; 2 rett saman, 1 rett fortsatt slik ut omg. Neste omg rett uten felling. Neste omgang to og to  rett saman  ut omg. Klipp av garnet og fell to og to og trekk deretter tråden igjennom. Fest til slutt tråden. 
Tommel; Plukk om 4 masker og strikk 2 omg, fell deretter av to og to masker saman.



 Ikkje store :)


Klem
Lilla dør

onsdag 7. mars 2018

Gulprikkete hare


 Klar for Jæren Quiltelag i kveld. Denne tenkte eg eg kunne ha slik utan klær på:) Blir riktig så påskete:). 


 På ein liten luftetur ut til ære for fotografen.



 Den lilla prikke på sida av haren er eit hjarte, varemerket mitt på desse harane. Syr det over der haren er saman sydd for hånd. Ein ekstra detalj.


 Vel plassert på kjøkkenbordet.


Ha ei fin og kreativ veke forsatt.... det er vår snart, iallefall her på Jæren.

Klem
Lilla dør

mandag 12. desember 2016

Julesalg frå Lilla dør



Eg har nokre snømenn for salg



Har litt rester til salgs i hage hytta.... bare ta kontakt via telefon, sms eller mail. Kom gjerne på besøk  men det er lurt å avklare fyrst om eg er heime.


 Slumreteppe, kvitt og lyseblått med ullvatt på baksida.


Snømann og elg


 julestrømper


 Litt strikk


 litt snømenn,vinhøner etc


Nokre strikkevesker

Velkommen på julehandel.
Ta kontakt i privat melding for pris og evt. avtale om levering/ sending.

Klem
Lilla dør

fredag 20. mai 2016

Endå meir strikke poser.....for salg


 Desse 3 fyrste strikkeposane her er med glidelås. Er ca 30 x 35 cm store. Passar perfekt til å ta med strikketøyet på tur sidan dei har glidelås.



 Lilla glidelås


 Turkis glidelås




 Ein litt enklare type som eg bruker mykje sjølv ,uten glidelås og greie til henge strikketøy i bilen, på  stolen etc når ein har med seg strikketøyet. Dette blå stoffet kom eg over i Tyskland har bare ein liten bit igjen av det :). 




Ulike strikkeposer og mapper for salg.  Viss nokon ynskjer poser etc ta kontakt:) enten på sms eller mail.

Ha ei kreativ helg.
Eg er så heldig at eg skal til Oslo på tur med symaskina mi....til Merete. Der skal Bernina ha helgekurs.....skal komme tilbake med meir bilde etter helga. Eg både gleder meg og gruar meg.......blir iallefall lærerikt og spennande.



Klem 
Lilla dør

tirsdag 24. februar 2015

Ny pose til ullteppe


 Alle mine håpefulle har fått med seg ullteppe ut i den store verden:). Gode å ha når dei liker friluft og hybelliv :). Godt å ha som ekstra varme i soveposen i snøhola, teltet eller på togturen. For å gjere dei meir praktiske laga eg trekk til teppet som igjen kan brukast til pute.


Desse har vore veldig populære......det likar eg 


 No var det junioren som trong ein nye pose mellom Nepalturen og snøholeturen på Hovden.
Må innrømme at ullteppet har eg kjøpt på jobben:). Heimespøta og knallgoé tepper.


Klem
Mamma

søndag 15. februar 2015

Dame/engel med lilla hatt


 Litt luren og litt skeptisk kanskje. Har vert på reis i helga.


 Klar for våren


Englepreg har ho og.



På luftetur på terrassen i bjørkekransen


Fløy ein liten blåfugl


Kjolen er bomullstoff og forkle er i lin med pyntebånd.




Klem lilla dør