Viser innlegg med etiketten sokka. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sokka. Vis alle innlegg

torsdag 2. juli 2026

Ankelsokkar


Då eg var i Helsinki i juni var eg innom ein garnbutikk som solgte masse fint sokkagarn i merinoull. Kjøpte med to hesper. Den gule strikka eg ankelsokkar av. (har nok til eit par til, brukte bare 45 gram) Fargen heiter bananslegs :)



Masse fine fargar og kvaliteter. Sokkagarnsbutikken midt i Helsinki sentrum




Kjøpte med pinnar og starta på prosjekt medan eg var der, her er fra eit bakeri. Strikka begge sokkene samtidig. Starta ved tåa, men fann ut at eg likte bedre å strikke andre vegen fra bråtet til tåa.


Ferdig!!!


Sommerantrekk?
Delte meininger om det visst :)))

Klem
Lilla dør
 

lørdag 27. juni 2026

"Easypeasyscrappysockskal" 2026



Ei skoeske full av fargerike og melerte garn. Starta no i starten av juni



Strikka begge sokkene samtidig.




 Fargerike og ulike


Har starta på par nummer to, har sikkert nok til det tredje paret og. Litt artig å få bruke opp gamle rester. Er sokka garn så dei blir slitesterke men ein del garnender å feste :)


Klem
Lilla dør

tirsdag 12. mai 2026

Neversokkar


Neversokken er Rauma design. Eg har strikka dei hillesvågsgarn. Originalgarnet er Vandre fra Rauma.
Var ein ny måte for meg å strikke sokkar med å strikka helen tilslutt, strikka inn ein hjelpe tråd der eg skulle ha  helen.




 klem
lilla dør

onsdag 24. januar 2024

Prosjekt gjere ferdig


Ingen ting er som heimelaga ullsokkar og ingen ting er som å gjere ting ferdig. Eg har mange prosjekt på gang. Både i strikk og søm. Har lyst til å prøve å gjere noko med det. Har fått meir kapasitet no ....så kanskje 


Korga er full og den blir fylt opp etter kvart, når garnlaget skal strikkast ned :))))) eller selgast.  Gleden er stor å få gjort ting ferdig. Tre prosjekt er ferdig innen strikk no i januar. Det er bra. Må skryte litt sjølv, det hjelper det.


 


Klem
Lilla dør

mandag 2. oktober 2023

Sokkar


Strikka dei til eldste barnbarn av noko garnresta i Peer Gynt. Gjekk med ca 50 gram. Lesten er ca 19 cm. Grunn til at det vart sokkar var ag plutselig hadde lyst å prøve meg på strikke sokka fra tå til hel. Det gjekk det og. Blir nok fleire av den sorten.




 Kjempeverbena, ein fantastisk plante med høge,tynne stengler med små lilla blomster..... eg digger den blomsten.



Klem
Lilla dør

torsdag 29. september 2022

Sokkar på gang


Flott garn fra Hillesvåg....klar for sokkestrikking til påske. Fekk starta på dei......... men der ligge dei i ufo korga ;))


 Her som bilstrikk, klar for påskeferie. Gjorde nok mykje anna......blir nok ferdig ein gong


Klem

Lilla dør 

mandag 15. august 2022

Sokkar og votter frå tante


Var innom tanta mi på 97 år då eg var på hytta i sommer. Her hadde ho strikka nokre barnsokkar til hytta når barnbarna mine kjem på besøk. 
 

Sokkar til meg. Sjå dei fine fargane.



 Votter til barnebarna mine. Tenk å være 97 år har strikkegleden fortsatt. Ho lager sine egne mønster og strikker mykje. Som sagt før håper eg at eg har arva litt av desse genene og.


Klem
Lilla dør

lørdag 12. mars 2022

Tante er 97 år...fantastisk alder og sjå noko av det ho held på med....



Desse fine barnesokkane fekk eg her om dagen hjå tante saman med vottane, sjå bilder lenger nede i innlegget. I ein alder av 97 har ho virkelig gleden av strikke og lager sine eigne farge- og mønster kombinasjoner. Eg er imponert...håper eg har arva nokre av desse genene :))).



Tante ville eg skulle ha desse strikka barnsokkane på hytta til "utlån" til barnbarn. I likhet med at vi har ei korg med tjukke sokker til oss vaksne. God ide. Tusen takk tante dei kjem nok til å varme dei håpefulle når dei er på hytta.



Nytt par sokka på pinnsane. Ikkje verst å ta fram strikket etter at ho hadde laga vaflar og hatt 97 års dag.


På rekke og rad.




 

Kjekt å få være med å feire deg......

Klem
Lilla dør





mandag 26. april 2021

Mi strikkeglade tante på 96 år


Eg har ei strikkeglad tante på 96 år som strikkar masse ! Eg synest det er så fantastisk at ho lager sine eigne mønster og farge-samansetninger. Her eit lite glimt av det ho hadde strikka sist eg var innom ved påske.
.

Studenten min i Bergen fekk desse med seg. Han var knallfornøgd og stolt eiger av nye sokker fra gamletanta til mamma.  Eg fekk desse som er på bilde under her...like fine dei :)


Eg håper eg bevarer strikkegleden og ser muligheter når eg blir så gamal til holde ved like denne kjekke hobbyen. Eg trur eg må finne fram ein del garnrester til tante som ho kan trylle fram fine og kunstnerisk fine sokker av. Sidan det er så mykje mønster i dei blir dei tjukke, gode og varme. 


 Klem
Lilla dør

lørdag 27. april 2019

Sjå mine nye sokker


Gjertrud strikka sokkar for fyrste gong der ho starta ved tåa.... Brukte garnet me farga i påska.

Eg var så heldige å få dei, då dei passa perfekt på foten min.... kjempe kule og gode. Blir nok ein hit :)))
Lette og varme.  Eg trur ikkje det gjekk med meir enn ca 45 gram garn.....


gult er kult



Tusen takk

Klem
Lykkeleg eigar av gule sokker

Lilla dør

onsdag 14. november 2018

Heldige meg


 I går var ein tur innom tanta mi på snart 94 år. Der satt ho og strikka. Ho hadde strikka  det eine paret etter det andre. Ho lager mønstra sjølv. Ho kunne fortelje at ho strikka meir no enn på lenge. Ho hadde strikka eit par til meg og. I og med at det er mønsterstrikk i heile sokken, vert dei doble som gjere dei ekstra varme og mjuke. Håper eg har arva noko av desse genene....at eg kan være ein ivrig strikker i den alderen.


 Og så fekk eg desse flotte sokkene av ho i fargane kvit, blå og lilla.
Tusen takk


Er dei ikkje fine vel?

Klem
Lilla dør