Viser innlegg med etiketten bestemorstrikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bestemorstrikk. Vis alle innlegg

fredag 20. juni 2025

Jordbærlue



Jordbær lue i tynn merino fra Sandnes garn. 


Mønsteret er eit gamalt dropsdesign, eg fann det på nettet.




 


 

Tatt i bruk og vel fornøgd med jordbærlue 

Klem Bestemor
 

lørdag 7. juni 2025

Rosa fiskegenser , Fishy sweater kids


Fishy sweater kid nummer to i vår, denne har eg strikka i orginaltråden fra Hip knit shop. Hip wool i fargane just peachy og flamingo fever.  Genseren er til dei to eldste barnebarna. Genseren vart tjukk og god og varm.  Samtidig lett.





Har vore kjekt vår strikk




 


 

Klar for fisketur elle leik i strandkanten
 



Klem
Bestemor/lilla dør

lørdag 19. april 2025

Fishy sweater



Ferdig. Alt tar tid. ca 2 med (strikka litt anna inni mellom då). Strikka dei i restegarn (garnlageret mitt) I Peer Gynt 260 gr, Vamse 110 gr og tynn silke mohair 55gr på pinner nr 4,5. design/mønster HipKnitshop.no 




 


Starta på den januar og hadde den med på jentetur til Tyskland.







 Var spent om den vart likt av mottakeren. Ho likte den godt. Så no er bestemor i gang med ein til i rosa.


Fiskegenseren passa jo godt til fiskestanga hennes då..... klar for fisketur


 Klem
Lilla dør/bestemor

tirsdag 14. januar 2025


Ventevotter = adventsvotter.



Mønster kjøpt av Ann-Mari Johnsen

 design  Ann-Mari Johnsen. Strikka det av tre ulike garnrestari ull. Brukte totalt ca 55 gram.
 

Enten er tidleg ute eller seint ute. vottene vart ikke ferdig til jul men dei kan ligge klar til desember igjen.....  varme votter då dei er stikka med to tråder mønsterstrikk.


 Klem

Lilla dør 


 


 

mandag 21. oktober 2024

Ballerina cardigan mini


Strikka den i ballerina chunky mohair
.


 

 
Strikka den i størrelse åtte år. Brukte kun 125 gr i Sandnes lys lilla (5023) i Ballerina chunky mohair. brukte pinna nummer 7. Fornøgd med resultatet . Det vart mottaker og



 


 Klem
bestemor

fredag 6. september 2024

Familiensfavorittsokkern02


Eg fekk teststrikke desse sokkane for made-by-annsilje.  " familiensfavorittsokkerno2 "
Strikka dei i garnet Sterk. 


Pawpatrol sokkar Chase :)


Klar for barnhagen i haust. Strikka dei i størrelse 23/24. Passa perfekt til prinsen på 2 år.



 Klem
Lilla dør og bestemor

onsdag 20. mars 2024

Fleire av desse luene


Drivhustrikk det kan me like :) ....vår i lufta
a


Påskestrikk i bruk. Her er ei av prinsessene mine med si nye påskelue og vottane eg stikka i fjor til påske. kjekt med strikk i  bruk.


Ei ny og ei gamal lue. Den fyrste strikka eg for tre/fire år sidan. Men kan fortsatt brukast


Her gjekk .eg  lens for den gule silkmohairen  men fann eit restegarn. Difor ulike fargar på kyllingrekkene, noko eg synest er heilt ok. Jillt å få bruke restegarnet.

Då har alle dei tre små prinsessene mine fått kvar si lue..... eg er så heldig å ha tre små jenter på 1 år. (To av dei er tvillinger)



 Klem
Bestemor

mandag 15. januar 2024

Novicegenser til tvillingane


Strikka dei i garnet Kos fra Sandnes :) Strikka det i størrelsen 1 -2 år. Mønster er Petitknit sitt design. Eg har strikka fleire av desse tidlegare til barnebarn. Gode å ha på og enkle å strikke. Det gjekk med 100 gr pr genser.  strikka pinner nr 5,5 og 6.
Var perfekt til bilstrikk, når vi var på nyttårnstur med mykje bilkjøring. 
 

Klar til levering
 


Heldig meg som er blitt bestemor til tvillingar, sjølv om det å strikke to like ikke alltid er like spennande.



 Klem
Lilla dør

torsdag 7. desember 2023

Julegenser x 2


Nisse genser /Merry Santas dropsdesign. Eg strikka dei i alpakka bris. Strikka to i størrelse 5/6 til guttane på 3 år. Tenkte det var ok at dei var litt store. Guttane fekk slik for to år sidan og. dei hadde dei i to juler. No har søskena deira arva dei. Klart desse måtte få nye. Har vore veldig populære hjå guttane. Dei er veldig lette og mjuke.




Strikkast ovenfra pog ned.... kjekt strikk
 




 



 



 Klem 
Bestemor

 

tirsdag 5. desember 2023

Strikka kjole til ei lita dokke


Liten strikka kjole til ei lita dokke til eit av dei små prinsessene mine...... kjolen er strikka etter innfallsmetoden, blir til underveis.



Passa perfekt



 Prinsessa fekk den saman med det andre eg hadde strikka til 1 års dagen. 

Klem
lilla dør
( les bestemor)