Det viktigaste nesten, når eg skal ut å reise er å pakke med nok håndarbeid og det er som regel det som er fyrst pakka. Denne helga skal eg på biltur igjen:) gleder meg. Jillt å kjøre bil når eg kan strikke eller hekle og ha godt lag.
I kveld har eg starta på nytt teppe. Same teppe som det i forrige blogg innlegg se her men no i blågrå farger.
Då eg ikkje hadde meir enn 13 nøster a 50 gram fann eg nokre bunter med garn frå Island som passa godt i fargen og tjukkelse (trur eg). Tenkte eg kunne spe på med det. Og om teppe blir litt mindre er det heilt greit ;)
13 nøster av dette garnet har eg. Reste kjøp på salg i Stuttgart.
I gang
Fine farger dette og
I tilegg har eg med meg til hekling med litt tynnere garn........litt påskepynt
Har ein ide men veit ikkje heilt om eg får det til........
Også kofta se her til junioren er igang. No er det bare plankekjøring heile bolen. Gutten er lang så det blir nokre omganger. Men det blir nok mest hekling denne turen og. Slik det vart på Sørlandsturen sist helg. Så får me sjå kor mykje det blir gjordt men eg har iallefall nok arbeid med meg.
Korga er klar!!!!! Bare putte termosen med kaffi oppi i morgon.
Tusen takk for alle kommentarar på sist blogginnlegg. Det varmar og gir inspirasjon til å blogge.
Ha ei kreativ helg!
klem
Lilla dør