Viser innlegg med etiketten sydd ferdig 2015. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sydd ferdig 2015. Vis alle innlegg

torsdag 17. mars 2016

Gul påskedame :)


 Eg har brukt same oppskrift som nissane i sist blogginnlegg. Bare at eg no strikka i gule påskefargar.




 Her er ho hengt opp ute på leveggen til ære for fotografen. Men dama trur eg er på flyttefot til Sunnfjord.


 Eg pynta opp kjolen med lilla hjerte.



Det blir nok fleire av desse.... kanskje det kan bli eit haustprosjekt....ein strikkekveld eller to!

Klem
Lilla dør

lørdag 9. januar 2016

Prikkete mus ;)


 Denne musa såg dagens lys i romjula....måtte sy litt og teste ut symaskina på hytta. Brukte Tilda sitt musemønster......


 lett og artig å sy...... 


Klem
Lilla dør

torsdag 7. januar 2016

Fiskar i vårlege fargar


 Eg sydde ein store goé gryteklut / mugrug i friske vårfargar. Det vart siste syprosjekt i 2015.




 Sild? makrell? Fisk i allefall.


 Til pynt?






Dette blir ein liten del av eit kursopplegg der eg har tenkt sy maritimt utan klassisk kvitt og blått.


Klem
Lilla dør

tirsdag 29. desember 2015

Nytt sengeteppe til jul


Eg har sydd meg nytt sengeteppe på hytta av ulike rødprikka stoff og kvitt stoff med julemotiv i rødt. Teppet vart ca 2x2 meter. Eg brukte ullvatt slik at det vart ekstra lunt og godt og lett.


Me fekk tatt det i bruk sjølv om det spøka for det. Eg har problem med symaskina mi. Så dette er quilta på ei gamal avsatt maskin men eg kom i mål. Må være ærleg å seie at har ikkje fått lagt til lukkekanten ennå....så får vi sjå kva tid det blir. Men ellers er eg veldig fornøgd med teppet. 




Jillt med langsom start på dagen når ein har julefri og er på hytta:)


Ut i snøen med det ......til ære for fotografen


Langnisse luene eg strikka til dei håpefull for mange år sidan er komne til heder og ære som pynt i gangen. Dei har faktisk vore i bruk og. Var varme og gode då me var ute og steika vaflar her om dagen på bålpanna.



Me såg spor etter nissen ute og. Før vi kom på hytta hadde han vore der.....skal legge ut eige blogginnlegg om kor fint han/dei hadde pynta ute til jula for oss.


Juleklem
Lilla dør

mandag 28. desember 2015

Strikkeposer


Eg sydde fleire strikkeposer til julegåver i år..... fekk fatt i koselige sauestoff i haust.



Nokre fylte eg med strikk.  Slik som desse med oppskrift og garn til luer..... kjekt arbeid i romjula.




Denne har eg sjølv....får aldri for mykje av strikkeposer

Eg kjøpte strikkhåndduk på jobben...som var strikka i to tråder bomullsgarn. Eg sydde hempe på den og så vart det ein perfekt gjestehåndduk på badet i jula.


Nokre fekk aktivitetspakker der dei fekk ei utfordring, det er alltid jillt å gi, iallefall viss eg veit  at mottakeren liker det...... gleder meg til å sjå resultatet.


Romjulsklem
Lilla dør

søndag 13. desember 2015

Nytt slumreteppe til advent


 Eg har sydd meg eit varmt og godt teppe til sofaen ...perfekt til ettermiddagskvilen og til kalde kveldar...... Har sydd det av Designers Guild-stoff som eg kjøpte for ei tid tilbake i London. Kombinert med grå lin.
 Designers Guild har ein fantastisk fin kolleksjon. Eg har fleire bøker frå dei ....er bare så fasinert av dei. Nydelige fargar i flotte mønster......har meir stoff på lager frå dei. 


I fjor sydde eg denne løparen med lilla hortensiablomst og mørk lilla i botnfarge. 



Sidan det var så stormønstra og fint stoff valde eg å ha stoffet i midten i eit stykke. Eg sydde ein brei linkant rundt. Rundt kanten quilta eg bladmønster med frihandsquilting.


 Bakstykket er ullfleece i tjukk kvalitet som eg fann i stofflageret mitt. Teppet er ganske tungt......nesten som vadmelsteppe. :) 


 Her fotografert ute....dei klare fine fargane kom godt fram då.




Ha ei fin advents tid fortsatt. 

Klem
Lilla dør

søndag 6. desember 2015

Julesokkar med snøkrystallar


Eg sydde 4 julesokkar her om dagen. Var inspiret etter Tysklandsturen.  Då kom eg heim med 60 cm stoff i bomull/lin med  desse fine snøkrystallane på.





Litt røde stjerner på den eine....


 Desse vert nok med til Skorane så får me sjå om nokon fyller dei opp
eller det blir julepynt.



Jilt med sying i desember.  Eg blir i grunnen meir og meir inspirert og får meir og meir lyst å sy..... Litt press gir vel utslag i kreativitet og trivsel. Bare eg får symsakina opp å gå igjen:(. 

Klem
Lills dør