Viser innlegg med etiketten syhelg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten syhelg. Vis alle innlegg

mandag 14. oktober 2019

Dokkeklubben på tur til Sirdalen


 Sydøgnet sin produksjon...  nokon sydde to remser andre ei. Men me lærte teknikken og har fått ein goe start. Mønster Tabbe mountain av Tula Pink. Mønsteret ligg på nettsida til Tula Pink som gratis mønster.


Sying, kaffi og godt lag kan det bli bedre


 Tid til litt mat innimellom hadde me og, - rømmegraut på fredagskvelden.



 Tula Pink sine stoff og...kjøpt i anledning teppet... kjekt men nesten litt for gale når eg tenker på stoff lageret mitt.



  ein 30 grads linjal brukte me til å skjære opp bitane


 Nesten lappeteknikk dette og . Ein fjellstubbe rett utanfor hytta til Linda. Takk for at vi fekk besøke deg og sy saman. Alltid kjekt med felles prosjekt!




 Så prøvde me oss på steinbakt pizza i fra bakeovnen til hytteeigarane. Kjempegodt....håper me får oss ein slik ovn på hytta vår og, det kunne ha vert noko.


No er det bare å sy ferdig teppet!

Klem
Lilla dør

søndag 6. oktober 2019

Innom syrommet i helga :))


 Sjå dei fantastisk fargane. Var litt innom syrommet i helga for å planlegge og nyte synet av desse fantastisk fine Tula pink stoffa. Etter planen skal eg på hyttehelg i sirdalen neste helg, eller rettere sagt "sy døgn".  Så få eg sjå kva vi får gjort. Kjem kanskje i gang med eit teppe ( les har mange halvferdig teppe som venter på quilting)



 Dette teppe av Tula pink er det planen vi skal sy.
Felles prosjekt er alltid jillt.


Bilde frå då ho var i Oslo i august.
Samme teppe som me skal sy!!!! Oppskrifta ligg gratis på sida til Tula pink


 Fortsatt i planlegging og leik. Viktig viktig og kjekt.


Beklager lenge sidan sist blogg.....har bare ikkje klart det. Har vore så mykje anna jillt og så har eg vore litt småsjuk ei tid.......høstforkjølse trur eg eg kaller det. Men no håper eg er igang igjen. Eit innlegg torsdag og eit til i dag.

Klem
Lila dør

søndag 3. mars 2019

Venninnehelg/syhelg del 1



 Sist helg (siste helga i februar) hadde eg besøk av ei venninne heile helga. Gubben og guttene var på fotballtur til England. Tenk ei heil helg  til sying, shoppingtur, strikking...... kan det bli bedre. Me hadde starta på eit felles prosjekt i fjor på desse tider.

se her frå oppstarten av teppe og venninnehelga i fjor:)



Mål ein i år var få sydd saman toppen på dette teppet og det vart seine kveldar både fredag og lørdag.....men me kom i mål.



Tid til litt turgåing vart det og. Søndag var sola framme og det benytta me oss godt av. Tur på Borestranda og kaffi i sola på terrassen.



Fekk besøk på terrassen av svigerdatter og barnebarn på bollar. Takk Ingri!


Her er kantane komne på


Begge sine tepper var ferdige.


Her legg vi bakstykke og vatt på mitt teppe som no er klar til quilting. Eg er ikkje heilt sikker ennå korleis eg skal gripe det an ...ligger til modning eller/og i tenkeboksen.

Kjekt med besøk 
Klem
Lilla dør