Viser innlegg med etiketten syrommet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten syrommet. Vis alle innlegg

torsdag 4. juni 2020

Nye brikke til kjøkkenbordet


 Hadde litt marimekkostoff liggande. Planen var nokre brikker til kjøkkenbordet, men det har tatt si tid. Eg har halde på med denne lukkekanten veldig lenge. Blitt lite håndarbeid, men eg håper stadig at lysten og gleden til å sy kjem igjen snart. Dagens hjertesukk.


 Enkel quilting har eg brukt, der eg bruker syfoten som linjal.


 Så var det bare denne lukkekanten som skal syast til for hånd. Kjekt sofaarbeid. Blir bra trur eg. Likte godt den grønne lukkekanten på dei.


Klem
Lilla dør

torsdag 16. april 2020

Påskehare


Har forstørra haremønsteret mitt ... starta på prosjekt i fjor. Fekk stappa den ferdig til påske og no har den inntatt plassen på terrassen. 


I prosess



Ca 120 cm lang fra fot til øyrespiss


Sydd i møbelstoff kjøpt i restekassen på Stoff og Stil.
Så den passa godt til å oppholde seg ute.


Klem 
Lilla dør

søndag 6. oktober 2019

Innom syrommet i helga :))


 Sjå dei fantastisk fargane. Var litt innom syrommet i helga for å planlegge og nyte synet av desse fantastisk fine Tula pink stoffa. Etter planen skal eg på hyttehelg i sirdalen neste helg, eller rettere sagt "sy døgn".  Så få eg sjå kva vi får gjort. Kjem kanskje i gang med eit teppe ( les har mange halvferdig teppe som venter på quilting)



 Dette teppe av Tula pink er det planen vi skal sy.
Felles prosjekt er alltid jillt.


Bilde frå då ho var i Oslo i august.
Samme teppe som me skal sy!!!! Oppskrifta ligg gratis på sida til Tula pink


 Fortsatt i planlegging og leik. Viktig viktig og kjekt.


Beklager lenge sidan sist blogg.....har bare ikkje klart det. Har vore så mykje anna jillt og så har eg vore litt småsjuk ei tid.......høstforkjølse trur eg eg kaller det. Men no håper eg er igang igjen. Eit innlegg torsdag og eit til i dag.

Klem
Lila dør

mandag 17. desember 2018

Juletrevimplar på terrassen


Stjerneproduksjon. Endelig kom ullfilten eg fekk ei tid tilbake av ei goé venninne.....  Den var heilt perfekt til formålet. Ullfilten var tjukk og god.


Sjølve juletrea sydde eg av sekkestrie, eg stod ute og skar dei til..... støva så mykje.
Eg skar dei ca 38 cm høge pluss stjerna då.

Eg sydde først rundt med overlockmaskina før eg sydde på stjerna og hampetauet. Hadde pynt på nokre av trea for å få meir liv i vimpelrekka.



Klar for opphenging under tilbygget på terrassen.
Fekk dei opp til andre søndagen i advent, ikkje verst det :))



Meter på meter med juletre :))). All dei ideer man får.... eg vart inspirert av ein kollega som hadde laga vimpelrekke med fylte juletre til å ha i stova.... Kjempe kult det og. :))).





Kortreist juletre frå hagen ....... litt pjusk men med sjarm.


Ha ei go´e adventstid fortsatt ....snart jul!

Takk til dokke som er innom bloggen. Alltid jillt med respons.


Klem 
Lilla dør

torsdag 25. oktober 2018

Dokkeseng til bestemorgullet



Eg har sydd sengesett og laga madrass til bestemorgullet. Senga har eg kjøpt på jobb. Den var ferdig malt i ein fin grårosa farge.


Madrssetrekket sydde eg i kraftig bomullsstoff. Hadde vatt inni.


Lakenet i flanell 


Kjempekjekke sømsysler dette. Det blir fort sykos og glede på syrommet.



Sengekleda kan ein ta av og vaske. Med åpninger uten knappar og bånd. Barnevennlig er viktig.



Dokka fekk testprøve dokkesenga før den blir overlevert til bestemorgullet.

Klem 
lilla dør

søndag 30. september 2018

Masse putesying denne helga



Har sydd tre puter som gåve (litt bestilling), gleder eit morshjerte. Den bakerste er i ullstoff , så velur, og den øverste er jersey og linstoff. 


Dette velurstoffet kjøpte eg på Fretex. I fjor trur eg det var. 1,5 meter,  nok til tre puter for kr 29,- ( eit kupp)



Eg brukar å sy glidelås i putetrekka


Framside i jersey (restestoff) og lin til bakside.


Klar for levering neste helg.
Klem
Lilla dør

søndag 23. september 2018

Dongerisekk til skeinebretta


I sommer lova eg å sy ein pose/sekk til skeinebretta....... bedre seint enn aldri. 


 Eg sydde ca 5 cm botn i den slik at det er plass til fleire brett.


 Hempe i botn til ha snora i


 Eige mønster og design ......viktig med merking:)))



Klar til levering.

Klem
Lilla dør

onsdag 18. juli 2018

Kreativ lørdag del 2



 Gjertrud sydde seg to skjørt den dagen. Ho fekk ikkje mønster som passa til ho på Stoff og stil så då tegna ho bare like så godt sitt eige mønster. Du er flinke og goe å få det til. Saman vart vi eit godt team :))). Takk for fin og kreativ dag på syrommet.
Stoffet hadde ho kjøpt på Stoff og Stil


 mønsterkonstruksjon



Skjørt nummer to. det samme mønster men bare litt kortare. Kjempe fint det og.


Klem
Stolt mamma